Statistisk sentralbyrå (SSB) si årlege leigemarknadundersøking syner at leigeprisane på landsbasis har auka med 5,47% sidan i fjor. Til samanlikning auka studiestøtta med 1,6% i same periode. At støtta frå Lånekassen ikkje held tritt med prisveksten elles i samfunnet er diverre ikkje noko nytt. Sidan like før årtusenskiftet har studentane vorte fattigare for kvart år som har gått, og SSB kunne tidlegare i år melde at berre seks prosent av landets studentar klarar seg utan anna inntekt enn studiestøtta.
«Alt var mykje betre før»
Av ein eller annan grunn får vi studentar sjeldan medhald i at den økonomiske situasjonen vår er dårleg. Det finst alltid ein gammal travar som kan fortelje oss at alt var mykje betre før. Gårsdagens studentar klarte seg på mindre pengar, fekk ei betre utdanning, drakk mindre og jobba fulltid ved sidan av studia. No skal ein rett nok helst ta kommentarane ein finn nedst på nettavisene sine kommentarfelt med meir enn berre éi klype salt, men overraskande nok er dette haldningar eg har truffe på òg utanfor nettavisene.
Etter å for ørtande gong ha fått høyre at eg og heile min generasjon er ein gjeng bortskjemde sutrepavar gjekk eg litt lei. Samstundes vart eg litt nyfiken. Kor mykje fekk eigentleg desse superstudentane frå sytti-, åtti- og nittitalet i studiestøtte, og korleis kunne dei overleve på so få hundrelappar, knappar og glansbilete? Rett nok fekk ein meir for pengane i dei dagar, men so stor kunne vel ikkje skilnaden vere?
Den faktiske utviklinga
På Lånekassen sine nettsider finn ein ei oversikt over korleis studiestøtta har utvikla seg over tid, og på NAV sine nettsider finn ein ei oversikt over korleis grunnbeløpet har utvikla seg over tid. Ved å samanlikne desse kan ein få eit bilete på korleis den studentøkonomiske situasjonen har utvikla seg frå 1975 og fram til i dag.
På grafen til høgre ser ein studiestøtta (blå) satt opp mot eitt og eit halvt grunnbeløp (raud). Det er ingen tvil om at styresmaktene frå fyrste stund har prøvd tilpasse studiestøtta til dette nivået, og heilt fram til nittitalet låg studiestøtta aldri mindre enn eit par prosent frå 1,5G.
I 1998, med Bondevik I ved roret, endra situasjonen seg. Avstanden mellom studiestøtta og 1,5G vaks, fram til styresmaktene i 2002 (Bondevik II) auka beløpet til å tilsvare meir eller mindre nøyaktig 1,5G. Diverre skjedde det ikkje stort etter dette. Studiestøtta stod urørt i nokre år, før ein i 2006 (Stoltenberg II) byrja konsumprisindeksjustere studiestøtta. Den prosentvise auken på studiestøtta var i denne perioden rundt 2%, medan den samtidige auken i lønsnivået var på rundt 4,5%
Omrekna til 2011-kroner
For å få ei betre forståing av kva studentar har hatt å rutte med til forskjellige tider har eg rekna om både grunnbeløpet og studiestøtta til dagens kroneverdi (mai 2011). Grafen til høgre syner resultatet. Som i grafen over kjem det tydeleg fram at gårsdagens studentar hadde mindre i kroner og øre enn dagens studentar, men ei kjøpekraft som i snitt låg på eit meir akseptabelt nivå. Medan studentar på sytti-, åtti- og nittitalet alle hadde ei studiestøtte som i snitt låg nokre hundrelappar over 1,5G, har studentane i perioden 2000–2010 hatt ei studiestøtte som i snitt har vore ti tusen kroner under 1,5G. For perioden 2011–2012 ligg studiestøtta meir enn tjueseks tusen kroner under 1,5G, og avstanden aukar for kvart år som går.
Det verste er at trolla i kommentarfelta faktisk har rett. Alt var mykje betre før.



