Feb
17
2003
--

Milleniumsparty!

Klasse 3TYB ved Dale Vidaregåande Skule inviterar vener og kjende, uvenar og ukjende, så vel som toskar og idiotar til eit heftig milleniumsparty på Trudvang, fredag den 28. februar.

Trudvang vil i påvente av det nye årtusenet vere både pynta og vakker. Milleniumshattar kan kjøpast i kantina.

  • Kvar? – Trudvang (ungdomshuset), Dale i Sunnfjord
  • Når? – Fredag 28. februar 2003. Dørene opnar klokka 21:00
  • Pris? – Milleniumspris! Berre kr 119,90!
  • Underhaldning? – I bøtter og spann!
  • Aldersgrense? – Får du lov av mammaen din får du lov av oss.

Det sprudlande bandet Cross Country vil med sine smekre tonar trollbinde oss heile denne fantastiske kvelden, og like ut i det nye årtusenet.

Mat?
Den glitrande kantina i kjellaren sel mat som høver seg for eit milleniusmparty. Der kan du få kjøpt følgande varer:

  • Milleniumsbrus
  • Milleniumspølse med milleniumsbrød eller milleniumslompe
  • Milleniumspizza
  • Milleniumshattar, limited edition only
  • Milleniumschampagnebrus

Ingen av oss i klasse 3TYB har noko tru på faste prisar i kantina, og let difor dei frie marknadskreftene rå.

Kvifor komme på milleniumsparty?
Det er tallause grunnar for å komme på det gedigne milleniumspartyet i Trudvang den 28. februar, her er nokre av dei:

  • Møt vevkjendis Odd Rune, kjend for si utagerande festing.
  • Opplev eit utmerka lokalt band, i dette tilfellet Cross County, spele live aus Trudvang.
  • Kom på nett. Bondekvinnelaget på nett! sitt foto-team kjem til å dekke heile hendinga grundig.
  • Hjelp oss med å ynskje det nye årtusenet velkomen.

Førehandssal av billettar i kantina på Dale VGS etter vinteferien – Berre 350 billettar til sals.

Kontaktpersonar:
Klasse 3TYB v/

- Audun
- Svein Erik
- Odd Rune
- Aina

Obskøne plakatar med reklame for hendinga vil bli hengt opp ein plass nær deg!

Written by kvitlauk in: Uncategorized |

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker