Eit logistikkproblem!
Framleis tre dagar att til avreise, men nye problem melder seg stadig. For augneblunken eksisterar det eit mindre logistikkproblem som skuldast ein heftig dørmangel på God-Golfen. Grunna mindre tal dører enn gutane opphavleg tenkte, vil det verte noko vanskeleg for dei fire flotte fyrane å få festa den fantastisk flotte skiboksen sin på taket, og utan denne kan det fort verte trongt i den koselege (men relativt små) God-Golfen. Etter at Øystein den Koko tidlegare på dagen fylte på fem liter spylevæske, gjekk det ikkje meir enn nokre timar før alt var borte vekk. Ingen av dei fire har klart å forklare denne hendinga, spylarvæska er enkelt og greitt berre borte vekk, og innside av God-Golfen luktar stramt av tidlegare nemnde væske. Eit anna problem som melde seg her i går kveld er at bilen gjerne ramlar frå kvarandre. Tidlegare på kvelden hadde Øystein den Koko fortald at då han nyleg rygga ut or tunet sitt, ja då ramla sanneleg støytfangaren av – men han forsikra dei tre andre om at han festa han godt attende på. Få timar etter denne historia, er kjekkasane på veg heim frå Haugland, etter å ha køyrd Kjetil den Keitete heim. Bana er fin og bein, men med eit smell det, og det er tydeleg at God-Golfen har køyrd over eitkvart. Audun den Skrikande kikar i spegelen og skrik ut som følgjer, “Øystein – du veit den støytfangaren du festa så godt? Han ligg der bak.” Lattermilde forlét dei bilen og kikar på støytfangaren. Etter ein kortare, men likefullt temperamentsfull diskusjon, om kor vidt dei eigentleg har bruk for ein støytfangar, eller ikkje – plukkar dei han opp og hiv han bak i bilen. “Den kan jo vere grei å ha.” meiner Øystein den Koko, og både Audun den Skrikande og Kim den Dritande må samtykkje i det.
Det har no for få minutt sidan gått opp for ein av vognførarane at den endelege avreisedatoen ikkje er laurdag den 20. juni slik dei alle opphavleg trudde, men fredag den 20. juni. Dei fire unggutane tek ingen sjølvkritikk for dette.