Sep
17
2004
1

Audun i austre Ungarn


Eg bur i niande etasje i ei vakker betongblokk frå ein ukjend tidsepoke saman med fire andre. Den eldste av dei er ein rumenar som tek engelsk hovudfag, berre av di mammaen hans vil det, medan han sjølv eigentleg vil bli brannmann. Den ungarske kjærasten hans har studert molekylær biologi, og jobbar no med å dissekere små dyr eller noko i den duren. Ein ungarsk arkitektstudent som talar god tysk, men ingen engelsk, og til sist ein ungarar som heiter Gevær eller noko slikt, og studerar nokoi retning “Yes, business man.” Sistnemnde talar berre ungarsk, og er interessant nok den einaste av dei eg bur med eg nesten kan namnet på. Det er ikkje mi skuld, ungararar presenterer seg med fyrst etternamn, og dinest fornamn, og det heile skjer ganske fort. Eg skal gjere eit nytt forsøk på å skjøne kva dei seier seinare i dag.

Eg har allereie rukke å fornærme dei fleste eldre damene i nabolaget rett og slett ved å vere ignorant nok til ikkje å vite at det er god folkeskikk å seie, “eg ynskjer Dykk ein vidare god dag” eller noko slikt, til alle eldre personar ein møter. Diverre er alt eg kan på ungarsk mellombels takk, ja, nei, hei, ha det, ein, to, tre, fire, øl, og frasen “nem tudom magyarul, tudsz angolul?” som praktisk nok tyder, “eg snakkar ikkje ungarsk, snakkar du engelsk?”. Eg har ikkje fått høve til å nytte setninga endå, då mange av dei lokale framleis trur eg er ein uteliggar.

Ser fram til å byrje jobbe på måndag. So longt veit eg at eg skal halde eit engelsk- og eit tyskkurs, og truleg hjelpe til på ei filmgruppe. Eg er uviss på kva sistnemnde eigentleg inneber, men det kan sjå ut som oppgåva enkelt nok er å sjå videofilmar.

Written by kvitlauk in: Ungarn 04/05 | Tags: , , , ,
Sep
10
2004
--

Audun i austre Ungarn

Eg forlét vonleg landet grytidleg måndag morgon. Sjansane for at eg vert full, dinest bakfull og til sist full igjen for så å verte forseinka er til stade. Så absolutt. Men kva gjer vel eigentleg det? Kva fyrsteinntrykk er ikkje betre enn ein bakfull, sjanglande Audun som truleg luktar litt meir enn småvondt etter nokre timar på fly og flyplassar? Ikkje veit eg.
Ha ein fin haust, vinter og vår.

-Audungarnr

Written by kvitlauk in: Uncategorized |

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker