Språkleg utvikling
Ting går framover, og eg har no lært meg både namn og uttale av desse på samtlege av dei eg deler bustad med. Eg fann mellom anna ut at Gevær eigentleg heiter Gergely, og at han eigentleg ikkje heiter Gergely, men Atilla. (meir om han seinare) I tillegg har eg lært meg litt av dei meir fargerike delane av det ungarske språket, samt eit stort utval orsakingar, dersom eg på eit eller anna vis skulle kome til å fornærme nokon. (utenkjeleg) Personleg meiner eg at språk som har fleire kasus enn folk flest har fingrar og tær til saman er tåpelege.

Var på konsert med sjølvaste Alphaville i førre veke. (!!!) Det var fantastisk, men eg trur eg var den einaste i salen under førti år som kom av fri vilje. Samtlege av dei andre vitjarane var mann og kone, gjerne også med eit lite born eller to, dersom dei ikkje hadde fått tak i barnepassar. Eg har aldri sett so mange gamle folk hoppe opp og ned og skrike i takt samstundes, ei heller like mange fulle menneske i aldersgruppa førti pluss, eg vonar det tek litt tid før eg treng oppleve noko slikt på ny. Bandmedlemmene hadde òg tapt seg litt sidan det smekre åttital, og var no både skalla og runde og gode.
Frå torsdag til sundag denne veka vitja eg den idylliske landsbyen Hõllokö (Ramnestein), som ligg nord i landet, like ved den slovakiske grensa. Byen er skikkelig gammal, og UNESCO tykkjer han er kul. I alle høve dei eldste delane av han. Her arrangerte Mobilitas (det ungarske nasjonalkontoret for EVS-voluntørar) “volunteers club” for alle dei utanlandske volontørane i Ungarn, samt eit par ungarske eks-volontørar som fann det for godt å ta turen innom. På føremiddagane diskuterte vi kva problem ein møter eller kan risikere å møte på som volontørar i eit framandt land, og korleis ein best kan takle desse. Ettermiddagane gjekk med til leikar og underhaldning av ymse slag, og på kveldstid sørga vi for å gje dei lokale ølstovene ein økonomisk løft dei kjem til å tenkje attende på til longt utpå vinteren. Laurdag og sundag var det vinfestival i landsbyen, noko som tyda at fleire av vindyrkarane i området møtte opp med svære dunkar av eigenprodusert vin, som dei raust delte ut til einkvar som ynskja seg ein liten smak eller fem. Gratis. Som gode volontørar visste vi å setje pris på denne eineståande sjansen til å få oppleve ein tradisjonell ungarsk bygdefest. Dette prega både oppmøte til frukost sundag morgon, og diskusjonane utover føremiddagen. Delar av lokalbefolkninga i Hõllokö slit framleis med traumer etter dette uventa, og mildt sagt brutale møtet med ungdommar frå resten av Europa.