Nov
19
2004
--

Ungarsk presentasjon, del 2

Eg har tidlegar påpeika vanskane rundt ein ungarsk presentasjon. Fullstendig ukjende namn og lydar vert heilt uventa kasta rett i fleisen på meg, og attpåtil i feil rekkefølgje. Det varmar meg difor heilt ned i Dalsbusokkane at ungararane ser ut til å ha minst like store problem med namnet mitt. Det er sjeldan eg presenterer meg med fullt namn når eg møter jamnaldrande, men om det så skjer, så skjer det i alle høve på rett vis.

Rekkefølgja namna kjem i er sjølvsagt heilt likegyldig, då eg likevel må gjenta alt ein tre-fire gongar før nokon i det heile innser at det er eit namn eg prøver å fortelje dei. Her listar eg opp dei tre vanlegaste reaksjonane når eg presenterer meg med fullt norsk namn:

1. Eit rart blikk, etterfylgt av tvilande augekast mellom dei ungarsktalande personane i nærleiken.
2. “Tessek?” som er ungarsk for “orsak meg?” eller austerriksk for “tosk!”
3. “Thank you, I am fine.”

Likskapen mellom namnet “Audun” og frasen “how do you do?” er ganske liten i mine øyre, men svaralternativ nummer tre førekjem overraskande ofte. Eg har meir enn ein gong sett meg nøydt til å nytte det ungarske namnet Ödön for å gjere meg forstått. Her listar eg opp dei tre vanlegaste reaksjonane når eg presenterer meg som Ödön:

1. Latter
2. Eit forsøk på å la vere å le, men dinest latter
3. Eit fnys, med påfølgande latter

Denne presentasjonen framkallar latter sjølv hos dei eldste og mest høflege personar eg talar med. Namnet kan samanliknast med det norske “Harry”, eller “Vidkun”, berre veldig mykje verre. Det finst ingen i Ungarn som heiter Ödön, eller i alle høve ingen som frivillig innrømmer at han er ein Ödön. Utanom meg.

Dubba filmar

Eg var på kino på sundag, og det var verkeleg gode greier. Filmen var diverre dubba til ungarsk, så eg skjøna ikkje stort av samtalane som føregjekk på lerretet. Men, ettersom filmen heitte “Alien vs. Predator” trur eg ikkje eg gjekk glepp av dei heilt store dialogane, det er faktisk godt mogleg at filmen var betre no som eg ikkje skjøna anna enn “ja”, “nei” og “AAAARRRGH!”. Dei tre siste kvartera av filmen skjøna eg absolutt alt som vart ytra, då det ikkje var anna enn god, gammaldags, klår og enkel, internasjonal vald. Eit meisterverk. Dersom eg nokon gong ser filmen på ny skal han vere dubba til eit språk eg kan endå mindre av. Kanskje tyrkisk.

Guffent haustvêr

Eg vakna her ein morgon og oppdaga at heile den varme ungarske “vinteren” min brått hadde reist sin veg, og etterlete ein mykje kjøligare, våtare, og meir vindfull vinter. For fyrste gong sidan eg kom til Ungarn laut eg lukke att vindauget mitt. Ikkje grunna kulda, snarare grunna regnet som fossa innover skrivebordet mitt, og vinden som reiv Alphaville-plakaten min rett ned frå veggen og slengde han i eit hjørne saman med alt anna flyttbart rommet mitt hadde å by på.

Det er litt trist at eg ikkje lenger kan late att auga, la sola varme andletet, og late som det er sumar, men no kan eg late att auga, la regnet piske meg i andletet, og late som eg er i Sunnfjord. Og det er jo nesten like bra.

Nov
03
2004
--

Ungarsk vinter

Det er november månad, og temperaturen ligg framleis like under tjue grader celsius på dagstid. Det er ikkje berre volontørar frå det det kalde nord som tykkjer dette er rart. Etter kva eg har skjøna frå lokalbefolkninga (les: ikkje stort) er det ganske uvanleg med slik ein temperatur så seint på året, men heilt utenkjeleg er det så absolutt ikkje. På nattetid kan temperaturen ramle heilt ned på iskalde fjorten grader, og ungararar flest utstyrer seg med hue og vottar, og gjev gjerne rare blikk til norske volontørar som spradar rundt med t-skjorte og bleike armar.

Eg gjorde eit desperat forsøk på å lage kjøtkaker her førre veke, men sleit litt med å finne dei rette ingrediensane. Eg laut difor improvisere ganske mykje for å få eit godkjent resultat. Eg plukka tilfeldige ungarske krydderposar i butikken, og tok med meg ting eg tykte likna på det eg trengde. Det var ikkje alt eg fekk med meg som hadde like mykje med kjøtkaker å gjere, men ein veit jo aldri når ein til dømes kan få bruk for kalkunpostei med sopp. Resultatet av den provisoriske kjøtkakedeigen kan skimtast til venstre. Eg må innrømme at kjøtkakene mine ikkje liknar heilt på dei i kokeboka mi, men smaken var likefullt fortreffeleg.
Motiverande arbeid

Arbeidet på ungdomssenteret går godt. Til å byrje med var det ikkje så mykje å gjere, men eg har no fått fleire oppgåver, og byrja undervise både engelsk og tysk for nybyrjarar for to veker sidan. Det er morosamt, men ettersom engelskkunskapane til elevane ofte er verre enn ungarskkunnskapane mine slit vi litt med å kommunisere. Det går mykje i peiking, teikning og ordbøker.

Det eg likar best ved undervisinga er at absolutt alle elevane er utruleg entusiastiske, og sjølv dei som slit mest gjev aldri opp, men hald fram og prøver, og prøver. Det er veldig motiverande for meg å sjå at dei alle verkeleg har lyst å lære, og gjer sitt yttarste trass i lese- og skrivevanskar, tidlegare rusmisbruk, mishandling i heimen, eller andre situasjonar som kan gjere læringa vanskeleg.

Eit noko uventa problem med engelskundervisinga er at eg sjølv finn det vanskeleg å justere meg attende til eit normalt språknivå etter å ha tala ein svært enkel, tydeleg og sakte engelsk i nokre timar. Det mest interessante med saka er at eg til å byrje med ikkje la merke til det sjølv, og kunne finne på å seie noko slikt som dette til ein med engelsk hovudfag: “Hello. Hooow, aare, yoou, doo-ing? Yees. Thaank, yoou, veeryy gooood.” – Alt saman medan eg gestikulerar vilt med armar og bein. Dette resulterer som oftast i at den eg talar med anten byrjar å le, ser rart på meg og spør kor mange kromosom eg har, eller berre går sin veg av di eg trur eg gjer narr av han.

At å prate ungarsk skulle kome til å verte eit problem var eg klar over, men eg hadde ikkje forventa at engelsken og skulle verte problematisk.

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker