Eg var ein snartur innom Romania for nokre veker sidan, ein av dei eg bur med er Transilvania-Ungarer, og laut difor reise til det ungarske konsulatet i Romania for å fornye opphaldsløyvet sitt. Ettersom alle elevane mine var i Nederland den dagen gjekk det heilt greitt at eg vart med. Vi stod opp litt før klokka vart fire, heiv i oss nokre koppar krutsterk kaffi, og tok bussen til ein landsby tjue kilometer vest for den rumenske grensa. (Debrecen ligg seksti kilometer frå grensa.) Det var framleis mørkt, det regna, og morgonskodda låg tjukk då vi stilte oss opp i vegkanten og vifta med nokre optimistiske tomlar. Etter å ha hutra på grøftekanten ein tjue minutts tid stoppa ein gammal Trabant som køyrde oss til grensa. Den ungarske grenseposten gjekk kjapt, medan den rumenske grensevakta brukte om lag eit kvarter på å gå med på at Noreg kanskje var eit ekte land likevel, og slapp meg gjennom. Femten meter inn i Romania stilte vi oss opp på ny, og fekk denne gongen haik med ein stor, tjukk man med skjegg og dress etter berre to minutt. Ferda gjekk vidare til Oradea, og dinest til Cluj-Napoca, ein by som ligg 220 kilometer frå den ungarske grensa, og vert rekna som hovudstaden i Transilvania.
Byen var dekka av eit tjukt lag med is og slaps, og det bles kraftig. Med andre ord, eg stortrivdest. Vi laut vente nokre timar etter å ha levert passet til det ungarske konsulatet, og dinest nokre timar medan vi venta på eit tog attende til Oradea. Ettersom vi laut feire at vi hadde nådd Cluj-Napoca på rekordtid, og rumenske ølprisar ligg hakket under dei ungarske, seier det seg sjølv at stemninga var ganske god då vi entra toget som skulle ta oss vest, og heimover. Alt i alt kosta reisa meg med alle utgifter om lag ein halv million lei, eller litt under ein hundrelapp om du vil.
Voluntørvitjing i vest-Ungarn
Eg vitja nokre volontørvener av meg i Pécs i helga. Byen ligg heilt sørvest i landet, ikkje so alt for longt frå verken Kroatia eller Serbia & Montenegro, men dei lyt båe vente til ein gong eg har litt betre tid på meg. Byen er omlag på storleik med Debrecen, men det kryr av Erasmus-studentar der, og allereie fredag kveld møtte eg min fyrste nordmann sidan tolvte september. Eg har tidlegare snakka langsam norsk med svenske og danske volontørar, men å møte ein retteleg vestlending der eg fritt kunne utfalde meg på mitt eige tungemål var verkeleg godt. (Takk Tore!) Fleire volontørar frå Budapest var òg i byen denne helga, og eg trur aldri karaokebarane i Pécs kjem til å verte dei same att.
Klin kokos naboar og sprø huseigarar
Eg har tidlegare nemnt at bustaden min er i tiande høgda i ei gammal sosialistblokk, saman med fire andre ungarar, men for augneblunken stemmer ikkje dette heilt. To av dei har flytta ut, og to andre, derav ein nordmann som heiter Audun, har blitt kasta ut på tvilsamt grunnlag. Problema byrja eigentleg då vi fann ein mykje betre, og mykje billigare bustad i ein anna del av byen, og opplyste huseigar, slik kontrakten tilseier, at vi ynskja å flytte. Huseigar derimot, den godaste fru Nagy (som for øvrig er ungarsk for “stor”, og er eit utruleg passande namn) tok dette ille opp, og sendte herr Nagy (som framleis er ungarsk, men burde tyda “endå større”) for å snakke oss til rette. Dette gjorde han på eit noko aggressivt og høglydt vis, og det heile på ein svært gebrokken tysk.
- “Bezahlen Sie? Ja? Ja? Nein?…NEIN!? NEIN NEIN NEIN! BEZAHLEN! BEZAHLEN JA!! JA!!” (dette er direkte sitat)
I ettertid (ti minutt seinare) fann vi heile episoden hysterisk morosam, men akkurat der og då var han meir ei plage. Dagane gjekk, helga kom, og måndag morgon ringer fru Nagy (som kanskje tyder “teit i trynet” òg), og fortel oss at naboane har klaga på valdsam festing heile helga, og at ho vil ha oss ut innan månaden er omme. Vi var sjølvsagt glade for å verte kasta ut, då dette var akkurat det vi ynskja, men tykte naboklagane verka litt merkelege, ettersom ingen av oss hadde vore i Debrecen i det heile teke den helga. Mindre underhaldande var det å få vite at ho difor valde å behalde depositumet på tjue tusen forint. For denne summen kunne eg elles fått:
- Rundt åtti halvlitarar på ein dyr uteplass
- Ti togreiser med InterCity-tog til Budapest
- Tjue kilogram kjøtdeig frå Match
- Førtifem store gyros frå grekaren bak kyrkja utan tak (dei beste)
- Tusen tyggiskuler frå tyggiskuleautomaten på InterSpar
- Fem komma sju konsertar med Alphaville
Sjølvsagt er det somme ting eg kjem til å sakne når eg no forlét Lehel Utca 10. Mindre enn fem minutts gange til InterSpar, tre minutt til ein anna daglegvarebutikk, og i sjølve bygningen finst det ikkje mindre enn to ølstover, båe med eit svært underhaldande klientell.
Galne-Janos
Galne-Janos
Ting eg ikkje kjem til å sakne er mellom anna den klaustrofobiske heisen som slår seg vrang to gongar om dagen i veka, og fire gongar om dagen i helgene, eller Galne-Janos, naboen min i etasjen under. Han går under namnet Galne-Janos av den enkle grunn at han heiter Janos, og er klin galen. Mellom klokka fem og åtte kvar morgon finn han fram ein hammar, eit skrujern, eit stort ausekar eller ein anna metallgjenstand, og byrjar denge på radiatoren sin. Dette finn eg litt plagsamt ettersom radiatoren hans er like under radiatoren min, lyden forplantar seg gjennom metallrøyra, og dundrar ut om lag førti centimeter frå øyret mitt, uansett om det er tysdag, fredag eller sundag morgon. Nokre timar seinare finn han fram noko som kan høyrest ut som ein hammar, og byrjar snekre litt. Om han verkeleg snekrar eller berre slår i veggen av di han tykkjer lyden er artig veit eg ikkje