Attende i Magyarország
Vel motivert etter den førre kjøtkakesuksessen (sjå 2. november) våga eg invitere til “norvég este” (norsk kveld) nokre dagar etter å ha returnert frå jule- og nyttårsfeiring i gamlelandet. Med ein slik kveld i tankane hadde eg teke med meg ymse særnorske ting frå heimelandet. Desse inkluderte mellom anna brunost, flatbrød, tyttebærsylte, mjølkesjokolade og Hansa pilsner. Sistnemnde skulle vise seg å vere eit mistak. Ein plass mellom innsjekkinga på Oslo Gardermoen, og bagasjebandet på Budapest Ferihegy hadde sekken min fått litt hardare medfart enn eg opphavleg hadde tenkt meg. Dette gjorde ikkje så mykje for dei andre passasjerane sin del, for ettersom sekken min er impregnert, fann væska ut at ho treivst godt der inne, og valde å marinere alt innhaldet framfor å leke ut på dei andre sekkane eller eventuelle hardhendte stuarar. Stratosen var lettare udelikat, full av små, brune glasskår, og med kraftig ølsmak. Dei nyvaska klede var ikkje fullt like nyvaska lenger, og korleis flatbrødet såg ut vil eg helst ikkje snakke om. Brunosten, tyttebærsylta, røykelaksen og kaviartuba klarte seg godt, og var berre dekka av eit klisse lag øl og glasskår som eg etter kvart fekk skylt av.
Liten tillit til brunost
Kjøtkakene eg lagde til den norske kvelden min vart om lag som førre gong, men sausen var mykje brunare og betre denne gongen, utan at retten fall stort betre i smak av den grunn. Med Morten Harket og andre norske slagarar i bakgrunnen so Bamsemums med små norske flagg i nevane godt an. Røykelaksen gjekk òg fort ned, medan kaviar og brunost var mindre populært. Til sistnemnde fekk eg fleire spørsmål som: “Et dykk verkeleg slikt noko i Noreg? Til vanleg? Verkeleg? Vaksne folk òg? *tenkepause* Sjukt.” Dei fleste prøvde likevel å vere høflege, og kunne finne på å seie ting som “veldig godt”, før dei diskret flytta rundstykket til tallerkenen ved sidan av.
Økonomiske vanskar = ferie?
Ting ser dårleg ut rundt prosjektet mitt akkurat no, ettersom EU med eitt har ombestemt seg når det gjeld løyvingane til organisasjonen min. Samstundes som vi gjekk inn i det nye året fann EU ut at dei ikkje hadde noko lyst å gje pengar til fritidsaktivitetane lenger. Ettersom jobben min opphavleg gjekk ut på å assistere dei andre tilsette med fritidsaktivitetane, har eg ganske mykje fritid akkurat no. Eg underviser engelsk åtte timar i veka, og det er i grunnen det. Ganske komfortabelt, men ikkje svært gjevande i lengda. Har uansett fri neste veke, skal til Budapest på ny volontørsamling, lik den i Hõllokö i september. Har kika rundt, men trur ikkje det er nokon vinfestival i nærleiken. Er litt letta.