Kort orsaking

Lenge sidan førre reisebrev no, det er berre å be om orsaking. Orsak meg. Eg har mellom anna vore på volontørsamling i Budapest, skiferie i Slovakia, vore dødssjuk, og hatt ei ufin oppleving hjå frisøren.

Våren er her

Den ungarske vinteren var brutal, men svært kort. Termometeret viste i dag seksten raude grader, men eg har overraskande nok ikkje rukke å bli solbrent. Andre vårteikn er at julenissane vert fjerna frå butikkvindauga (erstatta av påskeharar), og at vi har oppdaga ein maurkoloni i kjøkkenvegen.

Volontørsamling

Samlinga i Budapest fann stad oppe i Buda-åsene, på eit hotell med overraskande høg standard. Som volontørar er vi vande med å ta til takke med dei litt under gjennomsnitt pene plassane, så eit hotell med eigen restaurant, bar og sauna var uvant, men slett ikkje å forakte. Den mest keisame hendinga på seminaret var vel då eg ramla ned trappa på veg til frukost, eller kanskje då den næraste butikken fortalde oss at dei rett og slett var utselde for øl. Trappenedramlinga var ei keisam affære berre for meg, medan dei som var vitne til hendinga fann det heile hysterisk underhaldande. Dagen etter kunne eg hauste medynk ved å vise fram ein olboge meir fargerik enn fire regnbogar og åtte ripsbusker til saman. Eg stolte ikkje på trappene eit sekund dei neste dagane.

Fleire av volontørane hadde eg ikkje sett på lenge, og gjensynsgleda var stor. Samstundes som det var trist å måtte ta farvel med somme av volontørane, var det endå verre å tenkje på at ved neste volontørsamling i april er det min tur å vende nasen heimover mot kaldare, dyrare, og mindre gjestfrie trakter.

“Ski”-ferie

Reisa til Slovakia var ikkje enkel. Temperaturar på ungarske bussar er eit heilt kapittel for seg sjølv, og kor mange personar det er lovleg å ha på ein buss er òg ganske interessant. Etter kva eg har erfart, er bussen full når det ikkje er fysisk mogleg å presse fleire personar inn i bussen. Dei som trudde ein måtte til Japan for fullstappa kollektivtransport tok feil, ein treng ikkje reise lenger enn Ungarn for å føle seg som veldig flat sild i veldig trong tønne. Å kome seg av på rett stopp kan stundom vere vanskeleg, for stiller du deg for nær dørene vert du rett og slett pressa ut når desse opnar seg.

Skituren var mislukka på skimessig vis, ettersom det viste seg at det ikkje fanst nokon stad å leige verken ski eller snøbrett i nærleiken. Dei av oss (les: fem av ni), som ikkje hadde teke med seg eige utstyr nytta tida til ting som snøballkrig, snømannbyggjing, og namneskriving med gul skrift i snøen. (Det er verre for ungararane, dei har gjerne aksentar over vokalane i namna sine.)

Sjukdom og forfall

Av uforklarlege grunnar tok den ungarske vinteren til sist knekken på meg, og sendte meg boms i bakken, to veker i strekk. Så der låg eg med kraftig biholebetenning (nokon som veit kva det heiter på nynorsk?), og ein lumsk lungesjukdom (som eg berre kjenner det ungarske namnet på), og knaska penicillin. Eg hadde ingen bøker å lese, men heldigvis gjekk det mykje interessant på fjernsynet. Uheldigvis var alt dette å ungarsk, og difor ikkje so veldig interessant likevel. Eg fann til sist ein tåkete tysk kanal, der eg kunne vere vitne til at tilfeldige åleinemødre fekk pussa opp kjøkkena sine før eg omsider sovna, og gjekk attende til dei meir underhaldande feberdraumane.

Nye språkvanskar

Var hos frisøren her ein dag, noko eg hadde utsett lenge. Har rett og slett vore redd for å gå dit. Kanskje skjøna ikkje frisøren engelsk, kanskje vart resultatet noko frå ein annan tidsepoke.. Eg tok til slutt mot til meg og gjekk for å klyppe meg. Det heile byrja med at frisøren ikkje prata engelsk, men eg klarte (med ei stygg kjensle av déjà vu djupt nedi magen) på middelmåtig ungarsk å forklare at eg gjerne ville klyppe meg. (Ettersom eg var i ein frisørsalong, og mannen var frisør trur eg ikkje han hadde så vanskeleg for å forstå akkurat dette.) Ting skjedde, og trass i desperate forklaringsforsøk enda eg opp med ein frisyre eg trudde var utdøydd for lenge sidan, utan at eg vil utdjupe dette noko nærare.

Kommentarfelt stengt.