Oct
25
2005
--

Audun i Austen

Etter å ha vore internettlaus i godt over ein månad har eg no til sist fått meg verdsveven rett inn i stova, og har no ikkje lenger noko orsaking for å ikkje gje ein lyd frå meg. For å vere på den trygge sida har eg sendt denne masseutsendinga til so godt som samtlege på adresselista mi. Somme av dykk er eg ikkje heilt sikre på kven er, og somme av dykk er garantert ikkje heilt sikre på kven eg er. Difor, ein kort introduksjon:

Hei, eg heiter Audun, og eg bur for augneblunken i Yinchuan, hovudstaden i Ningxia, ein autonom muslimsk provins midt i tjukkaste ørkenen, longt uti utkants-Kina. Her underviser eg engelsk og jobbar med handicappa. Dei av dykk som veit kven eg er veit sikkert at eg har vore her omtrentl ein månads tid, og ettersom dykk ikkje har høyrd noko frå meg før no skjønar dykk sikkert at eg har det veldig bra.

Sola skin, himmelen er blå, temperaturen er nydeleg, og luftfuktigheita ligg om lag på minussida, som normalt er, ettersom eg bur midt i ein ørken.

Denne veka har vi oktoberferie, til minne om at Mao, på den Himmelske Freds Plass, den fyrste oktober 1947 oppretta Folkerepublikken Kina. Ein interessant detalj ved denne ferien, var at ettersom han tok til på ein laurdag ville det bety at han vart ni dagar lang, men du har ikkje krav på meir enn sju dagars oktoberferie. Difor vart med eitt laurdag åttande og sundag niande oktober til vanlege arbeidsdagar, der skuleelevar latar som det er torsdag og fredag, før dei til sist går direkte frå fredag til måndag. At vi då får ei ni dagars arbeidsveke ser ikkje ut til å affisere nokon noko særleg.

Sidan vi alle er slike snille og greie lærarar arrangerte the Foreign Affairs Office of Ningxia ein tur til Xi’an for oss, der vi mellom anna fekk sjå den kjende terrakottahæren. Ei imponerande mengd soldatar, somme av dei utan hovud, somme av hovuda utan soldatar. Ei fantastisk oppleving som kunne ha vore utruleg mykje betre hadde det ikkje vore for eit utal franske og tyske turistar som ikkje såg ut til å skjøne meininga bak teksten “Please do not use flash”. Dei stod difor der og flæsja kamera sine, gong etter gong, rett opp i andleta (eller halsane) på tusen år gamle statuer. Hadde det ikkje vore for at eg følte meg uvel skulle eg ha kasta potetmos på dei.

Takka vere eit heller dårleg måltid i studentkantina i Yinchuan før vi drog til Xi’an dukka det opp ein liten basselusk ved namn Ove i magen min. Ove var ein frekkas, og kvar gong eg åt eller drakk noko skreik Ove, “ha deg vekk!”, slik at mageinnhaldet kjapt forlot kroppen. Dette heldt han fram med i nesten fem dagar, før eg til sist vitja sjukehuset, der eg fekk i meg nokre liter intravenøst, samt nokre kilo cefalexin. Eg veit ikkje heilt kva cefalexin er, men eg har fått streng beskjed om å ta tolv om dagen.

Xi’an er ein eldgammal by, med vel so mykje historie, om ikkje meir, som dei fleste europeiske hovudstadar. Dette påpeika guiden vår rett som det var, men stadig med ein ny europeisk hovudstad å samanlikne med. Sjølv fekk eg ikkje sett stort mykje anna enn innsida av hotellrommet mitt og eit og anna sjukehus. Kinesiske sjukehus viste seg forresten å vere ei spanande oppleving. Etter å ha låge nokre timar med drypp byrja rykta i nabolaget å svirre om at det låg ein utlending, ein kviting, på sjukehuset, og etterkvart kika fleire og fleire eldre menn innom. Dei luska seg bort til senga mi, kika på meg, lo høgt og gjekk ut att. Dette gjentok seg fleire gongar, heilt til det til sist dukka opp ein fotograf for å ta bilete av meg. Fotografen var hyra inn av sjukehuset, og biletet skulle dei bruke til reklame.

Med unntak av basselusken Ove er maten i Kina heilt fantastisk. Det einaste vi saknar heromkring er ordentleg brød og smør. Det einaste brødet vi har funne til no er kvitt, klissete, søtt og ekkelt, og eg mistenker det eigentleg for å vere ei kake. Heldigvis finst det utruleg mykje anna godt, og ein heil haug spennande varer i butikkane, ofte med interessante engelske namn og skildringar. For augneblunken nyt eg mellom anna ein “deliciously fresh and lovely” ananasdrikk med eit namn som ikkje ville slått an i Ungarn. I alle høve ikkje blant den eldre garde.

Nok tull no. Litt om jobben min. Frå mandag til onsdag har eg om lag 120 elevar fordelt på fire klassar, stundom litt meir, stundom litt mindre. Stundom har eg elevar som ikkje er elevane mine, men elevar som eigentleg studerer juss eller fysikk. På stakkato engelsk får eg forklart at dei eigentleg ikkje likar engelsk, men ettersom det plutseleg var ein utanlandsk lærar her vart det heile mykje meir interessant. Stundom har eg elevar som ikkje er elevane mine, men som eigentleg er engelsklærarar på skulen eg jobbar. Kva dei gjer i klassane mine har eg ikkje våga spørje dei om, men assistenten min seier dei er der for å lære seg betre engelsk. Når eg kjem attende til Noreg er det godt mogleg nokon blir nødt til å skjelle meg ut dagleg over ein lengre periode for å nedjustere sjølvbiletet mitt.

Skulen min heiter XinHua College, og er ein skule for dei med litt for dårlege karakterar til å kome inn på universitetet, men som har foreldre med nok pengar til å kjøpe inn ungane sine på eit alternativ. Heldigvis er det ikkje alle elevane mine som er rike og dumme. (Faktisk dei færraste.) Grunna eittbornspolitikken satsar gjerne ein familie all inntekta si på å utdanne deira einaste barn, og fleire av elevane mine kjem frå fattigare familiar. Til gjengjeld har eg òg nokre med tre mobiltelefonar og eigen bil, noko som er ganske imponerande for ein student i ein provins der gjennomsnittet for ei månadsløn ligg på rundt 800 norske kroner.

På torsdagar og fredagar jobbar vi med med menneske med forskjellige handicap. Store delar av tida brukar vi på blinde og døve, då det ser ut til å vere vanskeleg å oppdrive andre formar for handicap i byen. Noko av tida nyttar vi òg på ein skule for ungar med “psykiske vanskar”, noko som har vist seg å vere litt av kvart. Vi har blitt fortalt at eit barn anten er “normalt” eller “unormalt”, grensene er ganske flytande, men er ein “unormal” skal ein gå på spesialskule, men til gjengjeld får foreldra løyve til å få eitt barn til. At terskelen for “unormale” barn er låg er tydeleg. Er du til dømes fødd med hareskår er du unormal. I ein av klassane på skulen for born med “psykiske vanskar” har vi elevar med downs syndrom, somme med lese- og skrivevanskar, somme som berre ser ut til å ha AD/HD og andre igjen som det ikkje ser ut til å vere noko spesielt med det i det heile teke. Vi vert fortalt at dei sistnemnde elevane hadde fått for dårlege karakterar på den vanlege skulen, og no må gå på spesialskulen for å verte “normale” att.

Oppgåvene våre er forskjellige avhengig av kva senter eller institusjon vi er på, men for det meste skal vi prøve å lære bort litt engelsk. Mellom anna på skulen for døve og blinde born er dette svært vanskeleg, då kunnskapsnivået i klassane er veldig variert. Eg har to jenter som talar ganske god engelsk samstundes som eg har ein gut som ikkje kan telle lenger enn til fem på ein god dag. Det bør nemnast at hovudoppgåva med prosjektet vårt ikkje er å lære bort engelsk, men snarare å sette fokus på at det finst handicappa menneske i Kina. Elevane på XinHua College vart sjokkerte då eg kunne fortelje det at det fanst både blinde, døve og psykisk utviklingshemma i byen deira. Dette er studentar på universitetsnivå, men som alltid har fått høyre at handicappa og rettar for handicappa er eit “foreign problem”, og noko ein for det meste finn i utlandet, samt ute på landsbygda og oppe i fjella. Eit resultat av innavl, med andre ord.

No skal eg slutte kaste bort tida dykkar med vas og mas frå det fjerne aust. Eg har eit husvere som byrjar få behov for opprydding, og eg har planar om ei større reingjeringsøkt for seinare å kunne slå meg ned i sofaen og nyte mi nyaste filmatiske nyvinning med godt samvit. I går fann eg danske “Terkel i Knibe” på den lokale DVD-sjappa til den nette sum av AKKURAT DET SAME SOM DEN KOSTAR I NOREG. EIN FULLT LOVLEG KOPI. KJØPT OG BETALT. kroner. Satsar på at filmen har eit dansk lydspor, eller i det minste tekstar på eit språk eg er i stand til å skjøne.

Om nokon ynskjer sende meg noko kan det gjerast på denne adressa:
Audun
Post box 312
Ningxia University
Yinchuan
Ningxia
750021
P.R. of China

Pakkar og større brev vert som oftast opna eller gjennomlyst, so send ikkje pengar eller store banner som seier “Kommunismen er død” eller andre tåpeleg ting. Vi deler hus med amerikanarar, og er difor Yinchuan sitt number one terrorist target allereie. Mobilen min er framleis teit og dum av di Expert Valaker i Førde er den dårlegaste butikken vest for meg.

Audun Kinamann

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker