Eg hadde ikkje ete fersk fisk sidan eg forlot Noreg. Den smakte veldig godt.
|
|||||
|
Eg hadde ikkje ete fersk fisk sidan eg forlot Noreg. Den smakte veldig godt. Vel framme i Hong Kong. Etter ein lengre periode i Ningxia og Xinjiang var det eit sjokk aa sjaa kvite menneske att, og dei fyrste timane oppfoerte eg meg vel omlag som kinesarane gjer rundt meg i Yinchuan. Eg stoppa opp for aa gape og stirre kvar gong eg saag eit kvitt menneske. Tok litt tid aa kome seg rundt. Bur paa eit billig og vakkert ungdomsherberge midt i travlaste Kowloon. Fjortensengars dorm for ein ubetydeleg sum pengar. Dei andre bebuarane er snille og vakre som backpackerar flest, men eg let aldri noko av verdi ligge att i sekken naar eg gaar ut. Like utanfor kryr det av venlege pakistanarar som vil selje oss Rolex-klokkene sine for ein billig penge, og paa dei lokale elektronikksjappene kostar ein simpel usb-kabel 180HKD (145NOK). Eg lo mannen rett opp i andletet og fekk pruta kabelen ned til femti (tre gongar det han ville kosta i Yinchuan) foer eg ga opp. Leitar framleis. Finn eg ikkje ein kabel snart vert eg noedt til aa kjoepe eit nytt minnekort til kameraet mitt. Det som er litt skumlare er at det ligg ein Irish Pub i same kvartalet. Etter fire maanadar med berre lokalt lyst Ningxia-oel eller ekkel importert Carlsberg var det ei sann fryd aa sjaa ein pint med ekte Guiness. Litt for frydete kanskje, det gjekk med litt meir pengar enn eg opphaveleg hadde tenkt den kvelden. Omlag alle her i byen talar taaleleg godt engelsk, noko som er baade dumt og bra. Det er veldig bra av di det tyder at eg faktisk kan gjere meg forstaatt so og seie over alt, samstundes er det veldig dumt, for det tyder at eg ikkje faar nytta noko av den mandarinen eg har proevd tilegne meg dei siste vekene paa ei stund. (Tullingane her snakkar kantonesisk. Barnsleg av dei.) Ocean Park: Verdas stoerste akvarium Vi landa litt over midnatt, og flyet vidare til Hong Kong gjekk ikkje foer aatte timar seinare. Etter aa ha prata med ein fyrst hjelpsam, men etterkvart svaert plagsam drosjesjaafoer fann vi International Departures og slo oss ned der. Heile utanlandsdelen av flyplassen var moerklagd, berre patruljert av nokre faa sikkerheitsvakter med kvite hjelmar, so vi hadde ingen vanskar med aa finne eit roleg hjoerne aa rulle ut soveposane i. Sjoelv sov eg svaert godt, men mine to medreisande hadde stoerre vanskar med aa slaa seg til ro paa det kalde golvet.
Det er vanskeleg aa skildre noeyaktig kor fantastisk det var aa kunne ta av seg stilongsen utan fare for aa fryse ihel. Aat ein betre frukost paa the Western Cafe i sjutida, og flaug so vidare soerover. Ürümqi er verdas skitnaste by. Det er eg overtydd om. I gaar kveld laag smogen so tjukt at det gjorde vondt aa puste, og vi kunne ikkje sjaa lenger enn eitt kvartal framfoere oss. Aesj! Dumme som vi var hadde vi ikkje booka billettar vidare fraa Urumqi til Kunming, mest av di vi ikkje ynskja ha noko tidsfrist paa returen austover, men og delvis av di vi er litt teite. Alle fly til Kunming er fullbooka i nokre dagar framover, og eit lengre opphald i denne byen enn absolutt naudsynt er ikkje ynskjeleg. Difor droppar eg Yunnan for denne gong. Kunming, Shangri-La og andre fantastiske stadar lyt vente, den einaste flyturen vi kunne faa paa slik ein kort frist var vidare til Hong Kong, med dei problema det foerer med seg. Vi tek nemleg om ei vekes tid steget inn i hunden sitt aar, og i den samanheng har ein komma tre milliardar menneske fellesferie, og dei aller fleste av dei ynskjar flytte litt paa seg. Dette foerer logisk nok til ein lettare kaotisk situasjon paa reisefronten, og alle tog, bussar, baatar og fly ei god stund framover er proppfulle. Ser difor ut til at eg kan verte verande i Hong Kong ei vekes tid, om ikkje lenger. Ettersom prisnivaaet i byen ligg paa eit europeisk nivaa er det ikkje utenkjeleg at eg kjem til aa selge nokre av dei indre organa mine for aa finansiere opphaldet. Eg skal proeve halde dykk oppdatert. Eg vil i tillegg aatvare alle som har planar om aa vitje Ürümqi om at Pea Fowl Mansion (som Lonely Planet nemner) er det billigaste hotellet i byen med god grunn. Kashgar! Vaart endelege maal! Eller, i alle hoeve det vestlegaste maalet vaart paa denne turen. Den opphavelege planen var aa krysse over til Pakistan (berre nokre timar lenger vest), for so aa seinare fly til Kunming eller Hongkong, men Kong Vinter sette ein effektiv stoppar for det. Dusten.
Kasgar er viden kjend (visstnok) for sine fantastiske basarar, og mest livleg og kjend er (visstnok) dyremarknaden nokre kilometer utanfor byen. Vi merka vi var paa veg til marknaden lenge foer vi kunne sjaa han, faerre og faerre vanlege bilar, fleire og fleire lastebilar med esel og sau paa lasteplanet, og stadig fleire hestekjerrer og andre transportmiddel som hoeyrer det foerre aarhundret til. Moette endeleg nokre andre backpackerar og. To middelaldrande australiarar som opphaveleg hadde tenkt seg til Tajikistan, men stoett paa same problem som oss. Dumme vinter. Etter aa ha prata ei stund fann vi ut at ingen av oss hadde sett andre utlendingar (les: bleike europearar, australiarar eller amerikanarar) i provinsen, og vi konkluderte med at sannsynlegvis var vi fem dei einaste som var eventyrlystne/dumme/modige (kryss av din favoritt) nok til aa ta turen hit vinterstid. Dreg til Urumqi onsdag syttande, og kjem oss vonleg soerover foer helga. |
|||||
|
Alle rettar © 2012 Sovjetunionen.com |
|||||