May
14
2006
--

Kinesisk Grand Prix

I gaar hadde vi grand prix party her i Kina. Oss norskingane pluss ein brite, to amerikanarar og ein kinesar. Som kjent er vi i lufta medan grand prix er paa lufta (hahaha) og gaar difor glipp av aarets tilstelning i Hellas. Vi saag difor eit opptak av Grand Prix i Ukraina ifjor. (Ja, du finn ogsaa dette paa billig-dvd i Kina)

Eine amerikanaren hevda han fekk oppfylt omtrent samtlege av forventingne til dei europeiske stereotypane han hadde, og har no litt mindre lyst aa flytte til Europa enn foer. Med andre ord, han elska det. Moldova var storfavoritt, etterfulgt av Noreg (trass i at vi nordmenn ikkje har lov stemme paa oss sjoelve) og Ungarn. At Hellas vann kan vi framleis ikkje fatte.

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker