Old Tbilisi
Sjølv om eg er klar over at hovudfokuset rundt ei vinflaske normalt sett burde ligge på innhaldet hender det rett som det er at eg snublar over etikettar som er vel so interessante som drykken sjølv. Ved dette høvet er det snakk om ei flaske georgisk raudvin av typen “Old Tbilisi”. Mesteparten av etiketten var skriven på georgisk, og gav soleis ikkje stort meir meining enn Øystein klokka fire om natta, men produsentane hadde vore hyggelege nok til å legge ved ein engelsk tekst òg. Om dette er ei omsetjing av den georgiske teksten eller ein fritekst skriven av ein translatør med stor ordbok er eg ikkje i stand til å avgjere.
OLD TBILISI, the wine full of tolerance and conviviality of Tbilisi, the city where relationships come first and feelings are true – having good-time fiests with friends, loving madly, respecting family, pleasing guests, opening hearts and giving away the sorrow. Gaumarjos!
Sjølve vinen var i søtaste laget for min smak, men etiketten har gjort meg endå meir bestemt på å vitje Georgia ein gong i nær framtid. So sant reisebudsjettet mit tillet det, vel å merke.