By kvitlauk, on September 22nd, 2008%
For nokre dagar sidan (18.09) var Mikhail Saakasjvili gjest på intervjuprogrammet Hardtalk på BBC. I kjend Hardtalk-stil vart Saakasjvili grilla av Stephen Sackur, som gjennom programmet stilte fleire svært interessante spørsmål den georgiske presidenten ikkje var i stand til å svare på. I tillegg kom Saakasjvili sjølv med ein del ganske overraskande svar og kommentarar. Heile intervjuet kan sjåast på BBC sine nettsider på http://news.bbc.co.uk/1/hi/programmes/hardtalk/7623150.stm
( Vel, “sjåast” er å ta litt hardt i. Det BBC har tilgjengeleg er ei realplayer-fil med svært låg oppløysing, om enn med god lyd. På dette punktet ligg den norske rikskringkastinga årevis framfor sine britiske kollegar.)
By kvitlauk, on September 21st, 2008%
Youtube er proppfullt av heilt fantastiske kortfilmar og animasjonsfilmar. Her er ein av dei.
By kvitlauk, on September 20th, 2008%
Vil berre reklamere litt for den nye storsatsinga til Studentutvalet ved Det humanistiske fakultet. Manah Manah er eit klubblokale i kjellaren på Sydneshaugen Skole, som vil fungere som HF sin internpub. Les gjerne meir om saka på HFSU eller Manah Manah sine sider.
By kvitlauk, on September 17th, 2008%
I perioden 2005-2006 jobba eg dels som engelsklærar, dels som ungdomsarbeidar med fysisk og psykisk utviklingshemma born og unge i utkantsprovinsen Ningxia i Kina. Voluntørprosjektet var resultatet av samarbeid mellom Red Cross Nordic United World College, Røde Kors, Fredskorpset og Ningxia University. Prosjektdeltakarane frå året etter meg tok til på eit prosjekt for å ta med seg elevane frå ein skule for døve og blinde i Yinchuan til å oververe Paralympics i Beijing. Etter mykje motgang, økonomiske vanskar og uvisse er prosjektet i boks, og vel gjennomført.
NRK har laga eit innslag frå Paralympics med dei to norske deltakarane og fleire av ungane “mine”. Innslaget er tilgjengeleg på http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/144049
Meir informasjon om både paralympicsprosjektet og prosjektet eg tok del i finn du på sinonor.com
By kvitlauk, on September 14th, 2008%
I dag fyller Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev 43 år. Den russiske presidenten vert i media ofte omtalt som “ein av dei yngste statsleiarane i verda”, noko som for so vidt ikkje er heilt feil. Om ein skal tru på Wikipedia (i dag gjer vi det) er Medvedev per dags dato den fjortande yngste statsleiaren i verda. Mannen er heile femten år eldre enn kongen av Bhutan, elleve år eldre enn regenten av San Marino og sju år eldre enn statsministrane i Den Dominikanske Republikk og Elfenbeinskysten. Presidenten og statsministeren av Georgia er henholdsvis tre og seks år yngre enn Medvedev. Skulle ting gå riktig ille i det amerikanske presidentvalet vil aldersskilnaden mellom den russiske og amerikanske presidenten vere 29 år.
Vi på Kvitlauk feirar den store dagen med ein kopp te og eit speilegg.
|
|
|