Oct
25
2008
--

Fattig Eirik Magnar i Japan

Eirik Magnar er ein finfin fyr. For tida jobbar han i Japan, der han tidlegare storkosa seg. Han storkosar seg for so vidt framleis, men 40% mindre no enn før. Grunnen er det faktum at han i følge seg sjølv har reist til Japan på tidenes dårlegaste tidspunkt, noko som har resultert i ei personleg finanskrise. Etter å ein periode ha prøvd få sympati for dei auka ølprisane på Kvitlauk (der han sjølvsagt mislukkast) har han gått i dialog med ei av sine mange mektige mediekontakter, og i dag prydar hans smukke andlet ein artikkel på bt.no med tittelen “På sparebluss i utlandet“.

Det store spørsmålet er ikkje om, men når Eirik Magnar vert plukka opp av dei andre nettavisene og når ein kjendisstatus på lik line med Joe the Plumber og the Star Wars Kid. Ein ting er i alle høve sikkert, eg gler meg.

Oct
13
2008
1

Framtidsutsikter

Eg tenkte opphaveleg legge ut ei artig teikneseriestripe her, men ved nærare ettertanke kom eg fram til at dette er ulovleg, eller i alle høve delvis ulovleg. Med den massive trafikken vi har her på kvitlauk.com ville det nok ikkje teke mange månadane før nokon kunne finne på å påpeike det, og den slags kan vi jo ikkje ha noko av. Eg nøyer meg difor med å poste ei lenkje til ei teikneseriestripe som på godt vis skildrar ei av fleire moglege framtidsutsikter for meg sjølv.

Moglege framtidsutsikter for kvitlauk

Moglege framtidsutsikter for kvitlauk. Teikneserie copyrighta Wullfmorgenthaler og Aftenposten.no

Oct
02
2008
--

Have you ever been in a lift?


QuestionSwap er ei svært underhaldande side eg vart gjort merksam på ein traurig og pengelens vinterkveld for nokre år sidan. Det heile er genialt enkelt. Du loggar deg inn, stiller eit anonymt spørsmål, og får eit tilfeldig spørsmål frå ein annan brukar i retur. Sjansen for at du for eit hjelpsamt svar attende på eit konkret spørsmål er heller liten ettersom både spørsmål og svar gjerne bevegar seg over i det absurd-filosofiske. Det heile er med andre ord utruleg underhaldande, og før du veit ordet av det er klokka longt på natt, og du befinn deg på Wikipedia der du desperat prøver finne ut kva farge eit tre har dersom det fell i skogen og ingen høyrer det.

Q: Have you ever been in a lift?
United Kingdom

A: Have I ever been in an elevator? Uh..yes. I’m pretty sure everyone who is on the internet now has been in an elevator at some point in their lives. Why would you even…

Oh I get it! Is this some smart ass English/Canadian person, playing ‘let’s use fancy English speak on the poor American fools to see if we can confuse them’?

Well, as a red blooded American, I have one thing and one thing only I have to say to you bangers and mash eating British blokes and blokettes!

Can we borrow $700 billion dollars? We’re a little light this week.

Come on, you owe us for World War 2! Pretty please? Oh, and sorry about the Boston Tea Party. We were drunk.
United States

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker