For å sleppe sjå det morgongretne andletet mitt meir enn absolutt naudsynt har førelesarane mine bestemt seg for å legge siste eksamen for dette semesteret so tidleg som 27. november. Eg klagar ikkje. Kjenner eg UiB rett vil dette seie at eg har ein juleferie på drygt to månadar. Som oppegåande og medviten student med ansvar for eiga læring burde eg vel helst tenkje eitt og anna om korleis dette berre er eit sleipt triks frå UiB si side for å sikre seg sjølv ei mindre arbeidsmengd opp mot jul, men det gjer eg altso ikkje. Eg skal ikkje vere vrien. Kva skal so ein rastlaus språkstudent med overraskande etterbetalt lønning frå sommarferien ta seg til i ei dyster førjulstid?
Etter å ha tråla nettet for alt frå rimelege til ikkje fullt so rimelege flybillettar til meir eller mindre obskure destinasjonar sat eg framleis att med ein blank kalender. (Hadde eg hatt ein.) Dei opphavelege planane om å backpacke i Kaukasus stranda då det viste seg at dei fleste av reisemåla eg hadde sett meg ut for turen anten var nedsnødd og stengt for vinteren, eller med eitt hadde enda opp bak grensene til nyoppretta (om enn ikkje anerkjende) statar. Prøver på ny til sumaren.
Desillusjonert og vonbroten sat eg ein kveld over ei tilsynelatande endelaus bok om russisk grammatikk, då eg fekk ein uventa e-post frå ein fransk EVS-kollega. E-posten var eit vakkert sammensurium av ungarsk og eit utal andre europeiske språk, og gjorde meg til å byrje med minst like forvirra som eg var dei fyrste vekene i Debrecen. Etter å ha fått klarna hovudet for ettervirkingane av eit kapittel om prefigering av russiske verb skjøna eg kva for ein flybillett eg heile tida hadde leita etter.
Grytidleg fredag morgon slenger eg sekken på ryggen, hoppar på flybussen og landar etter alt sannsyn i Budapest i løpet av dagen. Vidare har eg store planar om å haste direkte til Keleti jarnbanestasjon for der å kaste meg på fyrste og beste tog til Nagyvárad i Romania. Planen er å verte hengande i og rundt Ungarn fram til eg 15. desember flyr attende til Bergen med ei flaske Unicum i sekken.
Eirik: Eg veit kva du vil seie. Og eg er eigentleg heilt einig. Men som du sjølv har påpeika vert det alt for dyrt å vitje deg i Tokyo.
Kaptein: Rett nok er England både eit par hakk billigare og nærare enn Japan, men Stoke kan ikkje måle seg med Transilvania.