Den russiske nettavisa Russia Today kunne for nokre dagar sidan melde at heimesidene til den russiske statsministeren har gjennomgått interessante oppdateringar. I tillegg til det nettavisa refererer til som ein “Putin-tracker”, eit interaktivt kart med oversikt over kvar statsministeren har vore og har tenkt seg, er der oppretta eit forum der det skal vere høve for kven som helst å stille spørsmål til statsministeren. Tenesta skal òg vere tilgjengeleg på engelsk. Kor mange, og kva av spørsmåla som faktisk vert svara på gjenstår å sjå, men det er uansett eit interessant tiltak.
Putin sitt nye vevforum kjem knapt ein månad etter at president Medvedev lanserte sin videoblogg med talar til det russiske folk på Kremlin sine vevsider. For dei av oss som enno ikkje er heilt stødige i russisk kan det vere greit å vite at videotalane er teksta på den engelske utgåva av sidene, men at det vanlegvis tek litt tid før den teksta versjonen er oppe.
Kvitlauk.com ynskjer for øvrig Aftenposten.no velkomen etter.

Russia 2.0 FTW!
Kvifor vart avataren min ei trist sjømine?! Innlegget mitt var jo fullt av positiv energi!
Ikona vert automatisk genererte med utgongspunkt i e-postadressa du oppgjev. Eg har endra dei vekk frå triste andlet til det dei kallar “MonsterID” no.