Nasjonalt biletarkiv på nett

Det amerikanske nasjonalarkivet, Library of Congress, har byrja jobben med å legge ut store delar av biletarkiva sine på nett. Planen er å byrje i nord, for so å jobbe seg sørover, og til sist ha dekka størsteparten av verda. Arkivet byrjar difor med å legge ut bilete frå Skandinavia på slutten av attenhundretalet. Størsteparten av bileta har allereie vore på nett ei stund, men det er fyrst nyleg at nasjonalarkivet har byrja legge dei ut på sin Flickr-konto.

Bergen, mellom 1890 og 1900

Gode minner

Bergens Tidende har i dagens nettutgåve ein artikkel med namnet “Brannvesenets skrekkbilder” som fatta mi interesse. Av bileta som bt.no valde å publisere er sju av ti frå ein bygård eg meiner eg kjenner ganske godt. Eg budde der trass alt i to år. Bileta ser ut til å vere frå tida før eg flytta inn, men eg kan røpe at ting ikkje var spesielt mykje betre den tid eg budde i huset. Skulle ynskje eg hadde eit bilete av trappeoppgongen frå den tida den var proppfull av gamle aviser, malingspann og plankar.

Gode minner..

«De bombet det sentrale grønnsaksmarkedet i Gaza by for to timer siden»

«De bombet det sentrale grønnsaksmarkedet i Gaza by for to timer siden. 80 skadde, 20 drept, alt kom hit til Shifa. Hades! Vi vasser i død, blod og amputater. Masse barn. Gravid kvinne. Jeg har aldri opplevd noe så fryktelig. Nå hører vi tanks. Fortell videre, send videre, rop det videre. Alt. GJØR NOE! GJØR MER! Vi lever i historieboka nå, alle!»

- Mads Gilbert, 3.1.09, 13:50, Gaza, Palestina

- – -

«They bombed the central vegetable market in Gaza city two hours ago. 80 injured, 20 killed. All came here to Shifa. Hades! We wade in death, blood and amputees. Many children. Pregnant woman. I have never experienced anything this horrible. Now we hear tanks. Tell it, pass it on, shout it. Anything. DO SOMETHING! DO MORE! We’re living in the history books now, all of us!»

- Mads Gilbert , 3.1.09 13:50, Gaza, Palestine

Godt nytt år!

Ettersom eg er ein slask har eg ikkje sendt ut ein einaste e-post eller sms med verken jule- eller nyttårshelsingar. Det heile endrar seg no. Godt nytt år til dykk alle!

С новом годом! Boldog új évet! 新年快樂!

Bilete frå gårsdagens feiring hjå Anders er å finne på Flickr for dei med tilgong til denslags.