Gode minner

Bergens Tidende har i dagens nettutgåve ein artikkel med namnet “Brannvesenets skrekkbilder” som fatta mi interesse. Av bileta som bt.no valde å publisere er sju av ti frå ein bygård eg meiner eg kjenner ganske godt. Eg budde der trass alt i to år. Bileta ser ut til å vere frå tida før eg flytta inn, men eg kan røpe at ting ikkje var spesielt mykje betre den tid eg budde i huset. Skulle ynskje eg hadde eit bilete av trappeoppgongen frå den tida den var proppfull av gamle aviser, malingspann og plankar.

Gode minner..

2 comments to Gode minner

  • Det er berre å etterlyse nokre bilete det. Sikkert nokon som har nokre etter ein av dei fleire festane der.

    • kvitlauk

      Eg ser ikkje for meg at festdeltakarane tok bilete av branntrappa og oppgangar fulle av søppel, men heilt umogleg er det jo sjølvsagt ikkje.