I dag kjøpte eg ein einvegsbillett til Moldova, utan at eg heilt veit kva eg har der å bestille. Satsar på at eg finn ut av det etter kvart.
Avreise: 19. juni
|
|||||
|
I dag kjøpte eg ein einvegsbillett til Moldova, utan at eg heilt veit kva eg har der å bestille. Satsar på at eg finn ut av det etter kvart. Avreise: 19. juni
Forholdet til områda rundt har i til ei viss grad reflektert det diplomatiske forholdet mellom Estland og Russland, og under uroen rundt flyttinga av Bronsesoldaten i Tallinn var landsbyen stadig framheva i russisk media. Skiltet som annonserer at du er komen fram til Estosadok er gjennomhola av kuler.
I forkant av ordførarvalet i Sochi som går av stabelen i løpet av dei neste vekene har Aleksandr Lebedev, ein av Russlands rikaste menn, og kandidat ved ordførarvalet, lova å reise ein eksakt kopi av Bronsesoldaten frå Tallinn i Estosadok. I følge Lebedev sjølv er statua allereie ferdiglaga i Moskva, og dukkar truleg, so sant Lebedev vinn valet, opp i Estosadok i god tid før Sochi-OL.
Det russiske kommunistpartiet gjekk umiddelbart ut og kalla handlinga politisk motivert vandalisme, og oppfordra samstundes byens borgarar til å beskytte andre kommunistmonument i St. Petersburg. Reparasjonane vil truleg koste mellom seks og åtte millionar russiske rublar, rundt ein og ein halv million norske kroner. |
|||||
|
Alle rettar © 2012 Sovjetunionen.com |
|||||