Tiraspol, Transnistria
Om lag seks mil aust for Chişinău, framleis godt innanfor Moldova sine grenser, ligg Tiraspol, hovudstaden i republikken Pridnestrovie. Namnet tyder “bortanfor Dnestr”, og viser til elva Dnestr som utgjer størsteparten av grensa til Moldova. På norsk kallast området Transnistria.
Eg har blitt fortalt at republikken er som eit levande museum dedisert til Sovjetunionen, med hammarar, sigder og kommuniststjerner i alle retninger. Vanskelege grensevakter og meir eller mindre korrupt politi følger med på kjøpet. Eg har nokre dollar- og eurosedlar i ei skjult lomme, sånn i tilfelle.
Bussen frå Chişinău til Tiraspol kostar tjueni moldoviske leu, sytten norske kroner. Minibussen, eller marsjrutkaen, som det heiter i desse trakter, er proppfull, og eg endar opp mellom eit eldre, russisktalande ektepar bakerst i bussen. Temperaturen i den tettpakka bussen stig fort medan sola steiker på, men eg sit med ein svalande bris frå takluka rett i andletet. Lukka er kortvarig. Etter ti minutt proklamerer ei av dei eldre damene at det er for mykje trekk, og luka vert stengt. Eg svettar vidare.
Republikken Transnistria er ikkje anerkjent av nokon stat utanom dei to georgiske utbrytarrepublikken Abkhazia og Sør-Ossetia. I likskap med områda i Georgia nærer Tiraspol eit tett samarbeid med Moskva, og fleire transnistriske politikarar har uttrykkt ynskje om å få området innlemma i Russland. Ettersom republikken ikkje grensar til andre land enn Moldova og Ukraina kan det verte vanskeleg.
Etter ein god halvtime stoppar marsjrutkaen ved ein kontrollpost. Som utlendingar må vi registrere oss ved grensa, noko som vil seie at grensekryssinga tek fleirfoldige gongar meir tid for resten av bussen enn det vanlegvis gjer. Vi er med andre ord lite populære. Pass vert scanna og grundig inspisert. Papir vert stempla og vi vert sendt vidare til ei ny luke der prosessen gjentek seg. Hadde det ikkje vore for Irina, ein juss-student ved Universitetet i Tiraspol som vi kom i snakk med på bussen, hadde det nok teke endå lenger tid.
Det er fotoforbod ved grensa. Diverre. Over grenseposten heng eit gigantisk skilt med hammar og sigd over feite kornaks og drueklasar, og med store kyrilliske bokstavar vert vi ynskje velkomne til Den transnistriske moldaviske republikk. Det kriblar i kamerafingeren, men kalasjnikovar og strenge soldatblikk held han i sjakk.
Som ein del av Sovjetunionen var Transnistria eit autonomt område innan Den moldaviske sovjetrepublikk, og då Moldova erklærte seg uavhengig i 1990 gjekk det få månadar før Transnistria kom med si eiga uavhengighetserklæring. Grunnane til dette var mange, men i hovudsak skuldast dei ei bølge av rumensk nasjonalisme som skylla over Moldova tidleg på nittitalet, og somme rumenske politikarar gjekk so langt som å tale for å late Moldova verte innlemma i Romania. Medan moldovisk er språkleg identisk med rumensk, talar størsteparten av innbyggjarane i Transnistria russisk. Etter kvart som den moldoviske regjeringa fjerna russisk som offisielt språk, og erstatta det kyrilliske alfabetet med det latinske, auka misnøyen i Tiraspol, og i 1992 braut krigen om Transnistria ut. Trass i at Moskva sitt offisielle standpunkt var nøytralitet, hadde mange av dei russiske soldatane stasjonert i Transnistria sympati med den nyoppretta republikken, og tranistriske styrkar mottok både militært materiell og mannskap frå desse. Samstundes mottok Moldova militær bistand frå Romania. Nærare tusen menneskeliv gjekk tapt før våpenkvila vart underteikna.
Vi passerer vegpostar med russiske soldatar, og befinn oss offisielt i den sokalla bandittrepublikken. Irina tilbyr seg å vise oss byen, og vi går av på eit buss-stopp eit stykke utanfor Tiraspol sentrum. Vi vandrar gatelangs med kvar vår flaske av det lokale ølet Staraja Krepost’ medan Irina fortel oss om republikken si historie. Det er varmt, og elvebredda er full av familiar som tilbringer laurdagen på stranda.
På ein stor plass like ved sentrum av byen er det fleire minnesmerke til ære for dei falne under sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan. Ein evig flamme brenn midt på plassen, og lenger borte står ei sovjetisk stridsvogn med løpet heva triumferande mot sky. På den eine stridsvogna står eit brudepar og poserer for fotografen. Eit svært banner i bakgrunnen proklamerer at «Vår styrke ligg i vårt fellesskap med Russland!», flanka av det transnistriske emblemet og de russiske ørna. På eit hjørne ned i gata ser vi store plakatar med det heller uvanlege trekløveret Che Guevara, Medvedev og Putin. Litt lenger nede ligg dei abkhasiske og sør-ossetiske ambassadane. Tiraspol er ein interessant by.
Faktisk er byen so interessant at timane går, og før vi veit ordet av det har den siste bussen attende til Chişinău for lengst gått. Over ein sein middag med russisk øl og transnistrisk vin diskuterer vi korvidt det vil vere verdt det å overnatte i Tiraspol, for so å prøve ta bussen attende til Chişinău dagen etter. Visuma våre går ut ein halvtime før midnatt same kveld, og ingen av oss er spesielt lystne på å finne ut kva det vil koste oss å forlate republikken utan papira i orden. Løysinga blir ein seksti kilometers taxitur til tredve dollar, som vi reknar oss fram til at blir både billigare og meir behageleg enn alternativt. På grensa vert passa våre på ny scanna og undersøkt.
Vi er dei einaste sivile på grensa, og det heile tek usedvanleg lang tid. Etter femten minutt jobbar vakta framleis med det fyrste paset. «Du har ikkje med deg ei gåve til meg, vel?» spør grensevakta med eitt på rumensk. «Nei, diverre. Hadde vi visst skulle vi hatt med oss ei», svarar vår svenske reisekamerat på flytande rumensk. Under eitt minutt seinare er alt i orden, og vi forlet Transnistria med atten minutt att på visumet.
“Det bør utvises ekstra aktsomhet ved reiser til Transnistria i det østlige Moldova…Det anbefales å ta kontakt med ambassaden i Bucuresti for nærmere informasjon i forbindelse med eventuell reise til Transnistria.”
Norsk UD
Tilrådd lesing:
Røverlandet bortenfor elva, Dagbladet 17.04.04
Bilete frå min tur til Moldova og Transnistria, juni 2009