Oct
17
2009
0

Reiserute: Sovjet 09

Opphaveleg tenkt reiserute:
Moldova – Ukraina – Georgia – Armenia – Aserbajdsjan – Iran – Turkmenistan – Usbekistan – Tadsjikistan – Kirgisistan – Kasakhstan – Russland – Heim.

Du kan zoome både inn og ut og dra kartet rundt i alle slags retningar for å få betre oversikt. Bilete frå turen finn du på Flickr.


Vis Reiserute i eit større kart

kvitlauk - Sjå dei siste Flickr-bileta mine på Flickriver

Written by kvitlauk in: Sovjet 09 | Tags: ,
Oct
15
2009
2

Framleis i Bisjkek

Eg er framleis i Bisjkek, om nokon av dykk lurer. Eg jobbar med å omstille meg frå omreisande skjeggeslask til produktiv studentslask, og det heile er ein slitsam og smertefull prosess. I tillegg er det ein ganske uinteressant prosess, sånn reint bloggmessig, so med mindre det skjer noko spesielt dukkar det nok ikkje opp fleire postar på ei stund.

Om ei vekes tid flyg eg til St. Petersburg, og nokre dagar seinare er eg i Bergen, akkurat i tide til å få med meg siste dag av BIFF.

Sjåast.

kvitlauk - View my most interesting photos on Flickriver

Written by kvitlauk in: Sovjet 09 | Tags: ,
Oct
07
2009
0

Bisjkek

Eg er no framme i Bisjkek, og føyer opphaldet i Arslanbob opp på lista over ting eg lovar skrive meir om ein gong i framtida. Veldig bra.

Her i Bisjkek er det tjue grader og solskinn, dei har ekte internett, mat som består av andre ingrediensar enn geit og potet, og kaffi som ikkje er instant. Eg er med andre ord godt nygd. Snart finn eg kanskje ein internettkafe som er vener med harddisken min, og då ventar ei massiv Flickr-oppdatering.

Fram til den tid, koz og klemz fraa solfylte Kirgisistan.

Written by kvitlauk in: Sovjet 09 |
Oct
02
2009
0

Kirgisisk telefon

For å kome oss vidare frå Sary-Tasj til Osj so fort som mogleg åt vi frukost klokka sju, og i åttetida stod vi i grøfta og venta på haik. Nokre timar seinare stod vi der framleis, og ikkje før i eitt-tida fekk vi haik med ein sauetransport. Den 195 kilometer longe turen tok ti timar, og eg trur aldri sauelukta kjem til å gå ut av skjegget.

No er eg i Osj. Her er det bra, men Google let meg ikkje oppdatere kartet mitt. Trur eg ventar med å laste opp bilete til eg er i Bisjkek.

Kirgisiske telefonar er heilt galne, og let meg både sende og motta meldinger til/frå Noreg. Ikkje verst. +996 sju sju null tre to tre tre sju ni

Written by kvitlauk in: Sovjet 09 |

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker. Schufa KSV, Autoren gesucht