Kirgisisk telefon
For å kome oss vidare frå Sary-Tasj til Osj so fort som mogleg åt vi frukost klokka sju, og i åttetida stod vi i grøfta og venta på haik. Nokre timar seinare stod vi der framleis, og ikkje før i eitt-tida fekk vi haik med ein sauetransport. Den 195 kilometer longe turen tok ti timar, og eg trur aldri sauelukta kjem til å gå ut av skjegget.
No er eg i Osj. Her er det bra, men Google let meg ikkje oppdatere kartet mitt. Trur eg ventar med å laste opp bilete til eg er i Bisjkek.
Kirgisiske telefonar er heilt galne, og let meg både sende og motta meldinger til/frå Noreg. Ikkje verst. +996 sju sju null tre to tre tre sju ni
No Comments »
RSS feed for comments on this post. TrackBack URL

