Google tek den transsibirske
Google slår til igjen! Denne gongen er det ikkje illsinte bergenske froskemenn som står på menyen, men noko so omfattande som heile den transsibirske jernbana. I samarbeid med Det russiske jernbaneverket lar Google deg ta turen frå Moskva til Vladivostok frå di eiga stove. For å gjere reisa komplett kan turen akkompagnerast av lyden av jernbana, russisk folkemusikk, moderne pop eller klassikarar som Krig og fred eller Døde sjeler. Noko for alle og ein kvar med andre ord.
Turen kan opplevast på russisk eller engelsk, og skal i følge Google sjølve allereie ha vorten svært populær. Undervegs kan du gå av toget og utforske eit utval byar saman med den russiske radiostemma Jelena Abitajeva.
Slik skildrar Google nyvinninga sjølv:
The great Trans Siberian Railway, the pride of Russia, goes across two continents, 12 regions and 87 cities. The joint project of Google and the Russian Railways lets you take a trip along the famous route and see Baikal, Khekhtsirsky range, Barguzin mountains, Yenisei river and many other picturesque places of Russia without leaving your house. During the trip, you can enjoy Russian classic literature, brilliant images and fascinating stories about the most attractive sites on the route. Let’s go!
Kjelder: Radio Free Europe / Radio Liberty



