Apr
16
2009
--

Estosadok

Oppe i fjella i det nordlege Kaukasus, berre nokre kilometer frå den georgisk/abkhaziske grensa, og meir enn to tusen kilometer sør for den estiske hovudstaden, ligg ein liten landsby kalla Estosadok. Landsbyen vert av den vesle delen av befolkinga som framleis snakkar estisk kalla Eesti Aiake (Den estiske hagen), og har i dag rundt 400 innbyggjarar. Landsbyen vart grunnlagt av estiske nybyggjarar den 21. august 1886, og er i følge russiske kjelder ei av seks estiske busetjingar i Kaukasus.

Forholdet til områda rundt har i til ei viss grad reflektert det diplomatiske forholdet mellom Estland og Russland, og under uroen rundt flyttinga av Bronsesoldaten i Tallinn var landsbyen stadig framheva i russisk media. Skiltet som annonserer at du er komen fram til Estosadok er gjennomhola av kuler.

Estosadok ligg i det same dalføret som Krasnaja Poljana, eit område Putin stadig valfartar til, og der størstedelen av vinterleikane under Sochi-OL i 2014 skal haldast,. Som eit resultat har tomteprisar stege, og stadig nye hotellprosjekt har ført til ei massiv pengeinnsprøyting og forbetring av infrastrukturen.

I forkant av ordførarvalet i Sochi som går av stabelen i løpet av dei neste vekene har Aleksandr Lebedev, ein av Russlands rikaste menn, og kandidat ved ordførarvalet, lova å reise ein eksakt kopi av Bronsesoldaten frå Tallinn i Estosadok. I følge Lebedev sjølv er statua allereie ferdiglaga i Moskva, og dukkar truleg, so sant Lebedev vinn valet, opp i Estosadok i god tid før Sochi-OL.

Apr
05
2009
1

Bombe mot Lenin St. Petersburg

Natt til andre april fann nokon det for godt å prøve sprenge Lenin-statua ved Finlandskij Jernbanestasjon i St. Petersburg. Den ti meter høge og over åtti år gamle statua vart sopass skadd i eksplosjonen at den står i fare for å kollapse fullstendig, og vert difor demontert i løpet av veka.

Det russiske kommunistpartiet gjekk umiddelbart ut og kalla handlinga politisk motivert vandalisme, og oppfordra samstundes byens borgarar til å beskytte andre kommunistmonument i St. Petersburg.

Reparasjonane vil truleg koste mellom seks og åtte millionar russiske rublar, rundt ein og ein halv million norske kroner.

Feb
12
2009
--

1809: Charles Darwin

442px-darwin_restored2

Written by kvitlauk in: Uncategorized | Tags: ,
Oct
02
2008
--

Have you ever been in a lift?


QuestionSwap er ei svært underhaldande side eg vart gjort merksam på ein traurig og pengelens vinterkveld for nokre år sidan. Det heile er genialt enkelt. Du loggar deg inn, stiller eit anonymt spørsmål, og får eit tilfeldig spørsmål frå ein annan brukar i retur. Sjansen for at du for eit hjelpsamt svar attende på eit konkret spørsmål er heller liten ettersom både spørsmål og svar gjerne bevegar seg over i det absurd-filosofiske. Det heile er med andre ord utruleg underhaldande, og før du veit ordet av det er klokka longt på natt, og du befinn deg på Wikipedia der du desperat prøver finne ut kva farge eit tre har dersom det fell i skogen og ingen høyrer det.

Q: Have you ever been in a lift?
United Kingdom

A: Have I ever been in an elevator? Uh..yes. I’m pretty sure everyone who is on the internet now has been in an elevator at some point in their lives. Why would you even…

Oh I get it! Is this some smart ass English/Canadian person, playing ‘let’s use fancy English speak on the poor American fools to see if we can confuse them’?

Well, as a red blooded American, I have one thing and one thing only I have to say to you bangers and mash eating British blokes and blokettes!

Can we borrow $700 billion dollars? We’re a little light this week.

Come on, you owe us for World War 2! Pretty please? Oh, and sorry about the Boston Tea Party. We were drunk.
United States

Oct
18
2006
--

Hald opp med maset!

Kvitlauksgalleriet er på veg opp. Det tek berre litt tid av di det er ganske keisamt, og mesteparten av tida gidd eg ikkje legge opp bilete. Dessutan treng eg årets Roskildebilete frå nokon, mine eingongskamera-i-fylla-bilete er ikkje dei aller beste. Faktisk er dei sopass at eg ikkje tek meg bryet med å scanne eit einaste eitt av dei

Written by kvitlauk in: Uncategorized |

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker