Tadsjikiske fjellpass
Tadsjikiske fjellpass er spennande saker, og eg er for ein gongs skuld glad eg slepp køyre. Gamle hotell i små landsbyar nær tadsjikiske fjellpass er òg spennande saker, men eg er glad eg ikkje treng bu der over lengre peridar.
Det einaste som har skjedd på hotellet i Ajni sidan unionen fall er at nokon har stukke av med alle vassrøyra, mesteparten av straumkablane og møblane, samt knust nokre ruter. Då vi påpeikte den øydelagde lyspæra og manglande ruta i eit forsøk på å få rabatt satte verten ei knust rute i vindauget og kom med ei lyspære som rauk etter få minutt.
På den einaste kaféen i Ajni møtte vi ein norsk fotograf frå National Geographic som kunne fortelje oss at kaféen grunna ramadan ikkje hadde noko mat, men at dei sjølve hadde gått på marknaden for å kjøpe egg, og sjølve steikt desse på kjøkkenet. Vi kopierte opplegget, og supplerte med øl frå kiosken.
Vi forlot Ajni tidleg neste morgon, og var (etter nokre solide avstikkarar) framme i Dusjanbe i seks-tida.
Siste fase av ramadan er denne helga, og alle offentlege kontor og ambassadar er difor stengde fram til tysdag. Sidan vi i tillegg bur på det fyrste hostellet med wi-fi sidan vi forlot Ukraina burde det vere rikeleg med tid til å få laste opp nokre bilete til Flickr.










