I dag kjøpte eg ein einvegsbillett til Moldova, utan at eg heilt veit kva eg har der å bestille. Satsar på at eg finn ut av det etter kvart.
Avreise: 19. juni
|
|||||
|
I dag kjøpte eg ein einvegsbillett til Moldova, utan at eg heilt veit kva eg har der å bestille. Satsar på at eg finn ut av det etter kvart. Avreise: 19. juni
Forholdet til områda rundt har i til ei viss grad reflektert det diplomatiske forholdet mellom Estland og Russland, og under uroen rundt flyttinga av Bronsesoldaten i Tallinn var landsbyen stadig framheva i russisk media. Skiltet som annonserer at du er komen fram til Estosadok er gjennomhola av kuler.
I forkant av ordførarvalet i Sochi som går av stabelen i løpet av dei neste vekene har Aleksandr Lebedev, ein av Russlands rikaste menn, og kandidat ved ordførarvalet, lova å reise ein eksakt kopi av Bronsesoldaten frå Tallinn i Estosadok. I følge Lebedev sjølv er statua allereie ferdiglaga i Moskva, og dukkar truleg, so sant Lebedev vinn valet, opp i Estosadok i god tid før Sochi-OL.
Det russiske kommunistpartiet gjekk umiddelbart ut og kalla handlinga politisk motivert vandalisme, og oppfordra samstundes byens borgarar til å beskytte andre kommunistmonument i St. Petersburg. Reparasjonane vil truleg koste mellom seks og åtte millionar russiske rublar, rundt ein og ein halv million norske kroner. Det er i dag tjue år sidan dei siste sovjetiske troppane trakk seg ut av den afghanske hovudstaden Kabul og innleia den siste fasen av uttrekkinga av Afghanistan. To veker seinare, den 15. februar 1989, kryssa den siste russiske militærkolonna den afghanske grensa, og den ni år og sju veker lange sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan var offisielt over.
|
|||||
|
Alle rettar © 2012 Sovjetunionen.com |
|||||