Framtidsutsikter
Eg tenkte opphaveleg legge ut ei artig teikneseriestripe her, men ved nærare ettertanke kom eg fram til at dette er ulovleg, eller i alle høve delvis ulovleg. Med den massive trafikken vi har her på kvitlauk.com ville det nok ikkje teke mange månadane før nokon kunne finne på å påpeike det, og den slags kan vi jo ikkje ha noko av. Eg nøyer meg difor med å poste ei lenkje til ei teikneseriestripe som på godt vis skildrar ei av fleire moglege framtidsutsikter for meg sjølv.
