Moldova?
I dag kjøpte eg ein einvegsbillett til Moldova, utan at eg heilt veit kva eg har der å bestille. Satsar på at eg finn ut av det etter kvart.
Avreise: 19. juni
I dag kjøpte eg ein einvegsbillett til Moldova, utan at eg heilt veit kva eg har der å bestille. Satsar på at eg finn ut av det etter kvart.
Avreise: 19. juni
For å sleppe sjå det morgongretne andletet mitt meir enn absolutt naudsynt har førelesarane mine bestemt seg for å legge siste eksamen for dette semesteret so tidleg som 27. november. Eg klagar ikkje. Kjenner eg UiB rett vil dette seie at eg har ein juleferie på drygt to månadar. Som oppegåande og medviten student med ansvar for eiga læring burde eg vel helst tenkje eitt og anna om korleis dette berre er eit sleipt triks frå UiB si side for å sikre seg sjølv ei mindre arbeidsmengd opp mot jul, men det gjer eg altso ikkje. Eg skal ikkje vere vrien. Kva skal so ein rastlaus språkstudent med overraskande etterbetalt lønning frå sommarferien ta seg til i ei dyster førjulstid?
Etter å ha tråla nettet for alt frå rimelege til ikkje fullt so rimelege flybillettar til meir eller mindre obskure destinasjonar sat eg framleis att med ein blank kalender. (Hadde eg hatt ein.) Dei opphavelege planane om å backpacke i Kaukasus stranda då det viste seg at dei fleste av reisemåla eg hadde sett meg ut for turen anten var nedsnødd og stengt for vinteren, eller med eitt hadde enda opp bak grensene til nyoppretta (om enn ikkje anerkjende) statar. Prøver på ny til sumaren.
Desillusjonert og vonbroten sat eg ein kveld over ei tilsynelatande endelaus bok om russisk grammatikk, då eg fekk ein uventa e-post frå ein fransk EVS-kollega. E-posten var eit vakkert sammensurium av ungarsk og eit utal andre europeiske språk, og gjorde meg til å byrje med minst like forvirra som eg var dei fyrste vekene i Debrecen. Etter å ha fått klarna hovudet for ettervirkingane av eit kapittel om prefigering av russiske verb skjøna eg kva for ein flybillett eg heile tida hadde leita etter.
Grytidleg fredag morgon slenger eg sekken på ryggen, hoppar på flybussen og landar etter alt sannsyn i Budapest i løpet av dagen. Vidare har eg store planar om å haste direkte til Keleti jarnbanestasjon for der å kaste meg på fyrste og beste tog til Nagyvárad i Romania. Planen er å verte hengande i og rundt Ungarn fram til eg 15. desember flyr attende til Bergen med ei flaske Unicum i sekken.
Eirik: Eg veit kva du vil seie. Og eg er eigentleg heilt einig. Men som du sjølv har påpeika vert det alt for dyrt å vitje deg i Tokyo.
Kaptein: Rett nok er England både eit par hakk billigare og nærare enn Japan, men Stoke kan ikkje måle seg med Transilvania.
Eg er vekk som ein flekk frå og med den fjortande mars, og er vonleg attende ikkje so alt før lenge før månadsskiftet. Eg har i denne perioden lova vekk rommet mitt til både Egil og Kim, noko begge to ser på som eit grovt overtramp. Eg meiner det nok går bra, av grunnar eg vel å ikkje kome inn på her.
Budapest! Men før Budapest skal eg til Oslo, kanskje skal eg ta eit bilete av tigeren. Frå Oslo til Praha, frå Praha til Wien, frå Wien til Budapest, frå Budapest til Warszava, og frå Warszava til Oslo og Bergen att. Ferien vert nesten gratis. Om han vert vellukka eller ikkje gjenstår å sjå. Det heile avheng vel eigentleg litt av gefühlen min for korleis ECON-eksamenen min på tysdag gjekk.
No skal eg lese geografi forresten. Ha ei fin natt!
Vel framme i Hong Kong. Etter ein lengre periode i Ningxia og Xinjiang var det eit sjokk aa sjaa kvite menneske att, og dei fyrste timane oppfoerte eg meg vel omlag som kinesarane gjer rundt meg i Yinchuan. Eg stoppa opp for aa gape og stirre kvar gong eg saag eit kvitt menneske. Tok litt tid aa kome seg rundt.
Bur paa eit billig og vakkert ungdomsherberge midt i travlaste Kowloon. Fjortensengars dorm for ein ubetydeleg sum pengar. Dei andre bebuarane er snille og vakre som backpackerar flest, men eg let aldri noko av verdi ligge att i sekken naar eg gaar ut. Like utanfor kryr det av venlege pakistanarar som vil selje oss Rolex-klokkene sine for ein billig penge, og paa dei lokale elektronikksjappene kostar ein simpel usb-kabel 180HKD (145NOK). Eg lo mannen rett opp i andletet og fekk pruta kabelen ned til femti (tre gongar det han ville kosta i Yinchuan) foer eg ga opp. Leitar framleis. Finn eg ikkje ein kabel snart vert eg noedt til aa kjoepe eit nytt minnekort til kameraet mitt.
Det som er litt skumlare er at det ligg ein Irish Pub i same kvartalet. Etter fire maanadar med berre lokalt lyst Ningxia-oel eller ekkel importert Carlsberg var det ei sann fryd aa sjaa ein pint med ekte Guiness. Litt for frydete kanskje, det gjekk med litt meir pengar enn eg opphaveleg hadde tenkt den kvelden.
Moette ein amerikansk sjoemann/casinosjef fraa Detroit, som skulle gifte seg faa dagar seinare, og ein annan New Englander som nyleg hadde vorte pappa. Fine folk.
Omlag alle her i byen talar taaleleg godt engelsk, noko som er baade dumt og bra. Det er veldig bra av di det tyder at eg faktisk kan gjere meg forstaatt so og seie over alt, samstundes er det veldig dumt, for det tyder at eg ikkje faar nytta noko av den mandarinen eg har proevd tilegne meg dei siste vekene paa ei stund. (Tullingane her snakkar kantonesisk. Barnsleg av dei.)
Ocean Park:
Verdas stoerste akvarium
Meir fornoeyelsespark enn akvarium eigentleg
Juks og fanteri
Men veldig moro
Forbaska dyr inngongsbillett
Taubana stoppa heile tida
Eg saag massevis av haiar
Og fisk
Eg helsa paa ein pandabjoern
Han aat bambus
Eg tok bussen
Eg hamna der eg hadde tenkt meg
Overraskande
Kasgar er viden kjend (visstnok) for sine fantastiske basarar, og mest livleg og kjend er (visstnok) dyremarknaden nokre kilometer utanfor byen. Vi merka vi var paa veg til marknaden lenge foer vi kunne sjaa han, faerre og faerre vanlege bilar, fleire og fleire lastebilar med esel og sau paa lasteplanet, og stadig fleire hestekjerrer og andre transportmiddel som hoeyrer det foerre aarhundret til.
Haugevis av rare hestar, geiter, kyr og sauar, men diverre ingen kamelar slik eg hadde forestilt meg. Til gjengjeld hadde sauane rumpe! Diverre fekk eg aldri teke nokre bilete av desse rumpene, av di kvar gong eg tok opp kameraet mitt vart eg omringa av ein skokk klin galne ungar som ville sjaa paa sauebileta mine. Eg tok nokre bilete av dei, gravde kamera godt ned i lomma, og proevde ignorere syttandemaitoget av skrikande born som fulgte meg. Dei ga seg etter ein ti minutters tid, men daa var eg so glad for aa vere kvitt dei at eg ikkje vaaga ta fleire bilete.
Moette endeleg nokre andre backpackerar og. To middelaldrande australiarar som opphaveleg hadde tenkt seg til Tajikistan, men stoett paa same problem som oss. Dumme vinter. Etter aa ha prata ei stund fann vi ut at ingen av oss hadde sett andre utlendingar (les: bleike europearar, australiarar eller amerikanarar) i provinsen, og vi konkluderte med at sannsynlegvis var vi fem dei einaste som var eventyrlystne/dumme/modige (kryss av din favoritt) nok til aa ta turen hit vinterstid.
Dreg til Urumqi onsdag syttande, og kjem oss vonleg soerover foer helga.
Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker