Jan
19
2006
--

Attende i Ürümqi

Ürümqi er verdas skitnaste by. Det er eg overtydd om. I gaar kveld laag smogen so tjukt at det gjorde vondt aa puste, og vi kunne ikkje sjaa lenger enn eitt kvartal framfoere oss. Aesj!

Dumme som vi var hadde vi ikkje booka billettar vidare fraa Urumqi til Kunming, mest av di vi ikkje ynskja ha noko tidsfrist paa returen austover, men og delvis av di vi er litt teite. Alle fly til Kunming er fullbooka i nokre dagar framover, og eit lengre opphald i denne byen enn absolutt naudsynt er ikkje ynskjeleg. Difor droppar eg Yunnan for denne gong. Kunming, Shangri-La og andre fantastiske stadar lyt vente, den einaste flyturen vi kunne faa paa slik ein kort frist var vidare til Hong Kong, med dei problema det foerer med seg. Vi tek nemleg om ei vekes tid steget inn i hunden sitt aar, og i den samanheng har ein komma tre milliardar menneske fellesferie, og dei aller fleste av dei ynskjar flytte litt paa seg. Dette foerer logisk nok til ein lettare kaotisk situasjon paa reisefronten, og alle tog, bussar, baatar og fly ei god stund framover er proppfulle. Ser difor ut til at eg kan verte verande i Hong Kong ei vekes tid, om ikkje lenger. Ettersom prisnivaaet i byen ligg paa eit europeisk nivaa er det ikkje utenkjeleg at eg kjem til aa selge nokre av dei indre organa mine for aa finansiere opphaldet. Eg skal proeve halde dykk oppdatert.

Eg vil i tillegg aatvare alle som har planar om aa vitje Ürümqi om at Pea Fowl Mansion (som Lonely Planet nemner) er det billigaste hotellet i byen med god grunn.

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker