Jan
07
2009
2

Gode minner

Bergens Tidende har i dagens nettutgåve ein artikkel med namnet “Brannvesenets skrekkbilder” som fatta mi interesse. Av bileta som bt.no valde å publisere er sju av ti frå ein bygård eg meiner eg kjenner ganske godt. Eg budde der trass alt i to år. Bileta ser ut til å vere frå tida før eg flytta inn, men eg kan røpe at ting ikkje var spesielt mykje betre den tid eg budde i huset. Skulle ynskje eg hadde eit bilete av trappeoppgongen frå den tida den var proppfull av gamle aviser, malingspann og plankar.

Gode minner..

Oct
25
2008
--

Fattig Eirik Magnar i Japan

Eirik Magnar er ein finfin fyr. For tida jobbar han i Japan, der han tidlegare storkosa seg. Han storkosar seg for so vidt framleis, men 40% mindre no enn før. Grunnen er det faktum at han i følge seg sjølv har reist til Japan på tidenes dårlegaste tidspunkt, noko som har resultert i ei personleg finanskrise. Etter å ein periode ha prøvd få sympati for dei auka ølprisane på Kvitlauk (der han sjølvsagt mislukkast) har han gått i dialog med ei av sine mange mektige mediekontakter, og i dag prydar hans smukke andlet ein artikkel på bt.no med tittelen “På sparebluss i utlandet“.

Det store spørsmålet er ikkje om, men når Eirik Magnar vert plukka opp av dei andre nettavisene og når ein kjendisstatus på lik line med Joe the Plumber og the Star Wars Kid. Ein ting er i alle høve sikkert, eg gler meg.

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker