Jan
13
2006
--

Kashgar (喀什) قەشقەر

Kashgar! Vaart endelege maal! Eller, i alle hoeve det vestlegaste maalet vaart paa denne turen. Den opphavelege planen var aa krysse over til Pakistan (berre nokre timar lenger vest), for so aa seinare fly til Kunming eller Hongkong, men Kong Vinter sette ein effektiv stoppar for det. Dusten.

Kasgar er viden kjend (visstnok) for sine fantastiske basarar, og mest livleg og kjend er (visstnok) dyremarknaden nokre kilometer utanfor byen. Vi merka vi var paa veg til marknaden lenge foer vi kunne sjaa han, faerre og faerre vanlege bilar, fleire og fleire lastebilar med esel og sau paa lasteplanet, og stadig fleire hestekjerrer og andre transportmiddel som hoeyrer det foerre aarhundret til.
Haugevis av rare hestar, geiter, kyr og sauar, men diverre ingen kamelar slik eg hadde forestilt meg. Til gjengjeld hadde sauane rumpe! Diverre fekk eg aldri teke nokre bilete av desse rumpene, av di kvar gong eg tok opp kameraet mitt vart eg omringa av ein skokk klin galne ungar som ville sjaa paa sauebileta mine. Eg tok nokre bilete av dei, gravde kamera godt ned i lomma, og proevde ignorere syttandemaitoget av skrikande born som fulgte meg. Dei ga seg etter ein ti minutters tid, men daa var eg so glad for aa vere kvitt dei at eg ikkje vaaga ta fleire bilete.

Tok drosje attende til byen av di eg hadde lyst finne meg ein internettkafe, og enda opp i ein bil med ein syngande (og godt mogleg full) sjaafoer. Foeraren av bilen var Uighur, so mine begrensa mandarinkunnskapar var fullstendig nyttelause paa mannen. Eg proevde til sist paa engelsk, “internet?” sa eg. Fyren saag rart paa meg, rista paa hovudet og heldt fram med aa synge. “inteRnet?” sa eg igjen, med noko eg meinte maatte vere Uighur-aksent. Samstundes lata eg som om dashbordet hans var eit tastatur. Han kika paa meg, smilte litt usikkert og byrja synge att. “inTRneT” sa eg igjen, med kraftig rulle-R og tydelege T-ar. Han snudde seg mot meg igjen, men med eitt lyste andletet hans opp, “aah! intrnaaz!” sa han. Etter nokre minutt med intensiv intrnaz-synging stogga han framfor ein internettkafe og slapp meg av. Eg foelte at eg var sinnsjukt god i Uighur heilt til eg proevde same taktikk igjen seinare paa kvelden, utan like stor suksess.

Moette endeleg nokre andre backpackerar og. To middelaldrande australiarar som opphaveleg hadde tenkt seg til Tajikistan, men stoett paa same problem som oss. Dumme vinter. Etter aa ha prata ei stund fann vi ut at ingen av oss hadde sett andre utlendingar (les: bleike europearar, australiarar eller amerikanarar) i provinsen, og vi konkluderte med at sannsynlegvis var vi fem dei einaste som var eventyrlystne/dumme/modige (kryss av din favoritt) nok til aa ta turen hit vinterstid.

Dreg til Urumqi onsdag syttande, og kjem oss vonleg soerover foer helga.

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker