Nov
26
2008
--

Песенка Крокодила Гены

I morgon har eg munnleg eksamen. Her er ein særdeles vakker del av pensum. Får eg denne skal eg synge.

Песенка Крокодила Гены

Пусть бегут неуклюже
пешеходы по лужам
А вода по асфальту рекой
И не ясно прохожим
в этот день непогожий
Почему я веселый такой

А я играю на гармошке
у прохожих на виду
К сожаленью день рожденья
Только раз в году

Прилетит вдруг волшебник
в голубом вертолете
И бесплатно покажет кино
С днем рожденья поздравит
И наверно оставит
мне в подарок пятьсот эскимо

А я играю на гармошке
у прохожих на виду
К сожаленью день рожденья
Только раз в году
К сожаленью день рожденья
Только раз в году

Nov
15
2008
1

Attende til Magyarország

For å sleppe sjå det morgongretne andletet mitt meir enn absolutt naudsynt har førelesarane mine bestemt seg for å legge siste eksamen for dette semesteret so tidleg som 27. november. Eg klagar ikkje. Kjenner eg UiB rett vil dette seie at eg har ein juleferie på drygt to månadar. Som oppegåande og medviten student med ansvar for eiga læring burde eg vel helst tenkje eitt og anna om korleis dette berre er eit sleipt triks frå UiB si side for å sikre seg sjølv ei mindre arbeidsmengd opp mot jul, men det gjer eg altso ikkje. Eg skal ikkje vere vrien. Kva skal so ein rastlaus språkstudent med overraskande etterbetalt lønning frå sommarferien ta seg til i ei dyster førjulstid?

Etter å ha tråla nettet for alt frå rimelege til ikkje fullt so rimelege flybillettar til meir eller mindre obskure destinasjonar sat eg framleis att med ein blank kalender. (Hadde eg hatt ein.) Dei opphavelege planane om å backpacke i Kaukasus stranda då det viste seg at dei fleste av reisemåla eg hadde sett meg ut for turen anten var nedsnødd og stengt for vinteren, eller med eitt hadde enda opp bak grensene til nyoppretta (om enn ikkje anerkjende) statar. Prøver på ny til sumaren.

Desillusjonert og vonbroten sat eg ein kveld over ei tilsynelatande endelaus bok om russisk grammatikk, då eg fekk ein uventa e-post frå ein fransk EVS-kollega. E-posten var eit vakkert sammensurium av ungarsk og eit utal andre europeiske språk, og gjorde meg til å byrje med minst like forvirra som eg var dei fyrste vekene i Debrecen. Etter å ha fått klarna hovudet for ettervirkingane av eit kapittel om prefigering av russiske verb skjøna eg kva for ein flybillett eg heile tida hadde leita etter.

Grytidleg fredag morgon slenger eg sekken på ryggen, hoppar på flybussen og landar etter alt sannsyn i Budapest i løpet av dagen. Vidare har eg store planar om å haste direkte til Keleti jarnbanestasjon for der å kaste meg på fyrste og beste tog til Nagyvárad i Romania. Planen er å verte hengande i og rundt Ungarn fram til eg 15. desember flyr attende til Bergen med ei flaske Unicum i sekken.

Eirik: Eg veit kva du vil seie. Og eg er eigentleg heilt einig. Men som du sjølv har påpeika vert det alt for dyrt å vitje deg i Tokyo.
Kaptein: Rett nok er England både eit par hakk billigare og nærare enn Japan, men Stoke kan ikkje måle seg med Transilvania.

Apr
25
2008
1

Eksamensførebuing

I dag er det fredag. Eg har innlevering til måndag, og eksamen om få veker. Difor har eg baka rundstykke. Dei var gode.

Berre tenkte eg skulle nemne det.

Written by kvitlauk in: Studie | Tags: ,
Mar
11
2008
--

Bergensk vår


Etter fleire mislukka forsøk på vår i Bergen kan det endeleg sjå ut som om vi byrjar nærme oss noko. Eg har eksamen om få dagar, og fann difor ut at det ville høve seg godt med ein tur på Fløien for å ta vårlege bilete og gjere andre studierelaterte ting.

Written by kvitlauk in: Studie | Tags: , ,
Mar
13
2007
--

Sentral-Europa rundt

Eg er vekk som ein flekk frå og med den fjortande mars, og er vonleg attende ikkje so alt før lenge før månadsskiftet. Eg har i denne perioden lova vekk rommet mitt til både Egil og Kim, noko begge to ser på som eit grovt overtramp. Eg meiner det nok går bra, av grunnar eg vel å ikkje kome inn på her.

Budapest! Men før Budapest skal eg til Oslo, kanskje skal eg ta eit bilete av tigeren. Frå Oslo til Praha, frå Praha til Wien, frå Wien til Budapest, frå Budapest til Warszava, og frå Warszava til Oslo og Bergen att. Ferien vert nesten gratis. Om han vert vellukka eller ikkje gjenstår å sjå. Det heile avheng vel eigentleg litt av gefühlen min for korleis ECON-eksamenen min på tysdag gjekk.

No skal eg lese geografi forresten. Ha ei fin natt!

Written by kvitlauk in: Studie | Tags: , , , , , , , ,

Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker