Ungarsk vinter
Det er november månad, og temperaturen ligg framleis like under tjue grader celsius på dagstid. Det er ikkje berre volontørar frå det det kalde nord som tykkjer dette er rart. Etter kva eg har skjøna frå lokalbefolkninga (les: ikkje stort) er det ganske uvanleg med slik ein temperatur så seint på året, men heilt utenkjeleg er det så absolutt ikkje. På nattetid kan temperaturen ramle heilt ned på iskalde fjorten grader, og ungararar flest utstyrer seg med hue og vottar, og gjev gjerne rare blikk til norske volontørar som spradar rundt med t-skjorte og bleike armar.
Eg gjorde eit desperat forsøk på å lage kjøtkaker her førre veke, men sleit litt med å finne dei rette ingrediensane. Eg laut difor improvisere ganske mykje for å få eit godkjent resultat. Eg plukka tilfeldige ungarske krydderposar i butikken, og tok med meg ting eg tykte likna på det eg trengde. Det var ikkje alt eg fekk med meg som hadde like mykje med kjøtkaker å gjere, men ein veit jo aldri når ein til dømes kan få bruk for kalkunpostei med sopp. Resultatet av den provisoriske kjøtkakedeigen kan skimtast til venstre. Eg må innrømme at kjøtkakene mine ikkje liknar heilt på dei i kokeboka mi, men smaken var likefullt fortreffeleg.
Motiverande arbeid
Arbeidet på ungdomssenteret går godt. Til å byrje med var det ikkje så mykje å gjere, men eg har no fått fleire oppgåver, og byrja undervise både engelsk og tysk for nybyrjarar for to veker sidan. Det er morosamt, men ettersom engelskkunskapane til elevane ofte er verre enn ungarskkunnskapane mine slit vi litt med å kommunisere. Det går mykje i peiking, teikning og ordbøker.

Det eg likar best ved undervisinga er at absolutt alle elevane er utruleg entusiastiske, og sjølv dei som slit mest gjev aldri opp, men hald fram og prøver, og prøver. Det er veldig motiverande for meg å sjå at dei alle verkeleg har lyst å lære, og gjer sitt yttarste trass i lese- og skrivevanskar, tidlegare rusmisbruk, mishandling i heimen, eller andre situasjonar som kan gjere læringa vanskeleg.
Eit noko uventa problem med engelskundervisinga er at eg sjølv finn det vanskeleg å justere meg attende til eit normalt språknivå etter å ha tala ein svært enkel, tydeleg og sakte engelsk i nokre timar. Det mest interessante med saka er at eg til å byrje med ikkje la merke til det sjølv, og kunne finne på å seie noko slikt som dette til ein med engelsk hovudfag: “Hello. Hooow, aare, yoou, doo-ing? Yees. Thaank, yoou, veeryy gooood.” – Alt saman medan eg gestikulerar vilt med armar og bein. Dette resulterer som oftast i at den eg talar med anten byrjar å le, ser rart på meg og spør kor mange kromosom eg har, eller berre går sin veg av di eg trur eg gjer narr av han.
At å prate ungarsk skulle kome til å verte eit problem var eg klar over, men eg hadde ikkje forventa at engelsken og skulle verte problematisk.