Roskilde ’03 – Ei reisedagbok av den uvanlege sorten
I slutten av juni månad i Vår Herres år to tusen og tre legg fire unge gutar ut på ei reise som vil forandre liva deira for alltid. Dei fire unge gutane har fått det føre seg at ettersom russebilen deira manglar vitale instrument, vil det vere eit tryggare og betre alternativ å reise av stad i ein liten, søt bil frå førre hundreår. Bilen tilhøyrer foreldra til Øystein den Koko, og går under kallenamnet God-Golfen. Etter lengre tids mangel på planlegging kjem dei fire unge gutane fram til at dei ikkje vil planlegge turen likevel, men berre reise av stad og ta ting som dei kjem. Her følgjer den spanande historia om dei fantastiske hendingane dei fire opplevde på si reise til eit framandt land i utlandet utanfor Noreg.
Aldersgrense: 11 år, i følgje med vaksen.