Farvel til Magyarország
Kall meg gjerne naiv, men når eg møter ein kar ein til to gongar kvar veke på ungdomsklubben der eg jobbar, so forventar eg ærleg tala ikkje at han skal stikke av med mobilen min berre for å selje han på næraste pøbb. Eg vart overraska, for å seie det slik. Spørst berre om han vart like overraska neste gong han kom til ungdomsklubben si inngongsdør, der han fann eit bilete av seg sjølv med fullt namn, og underteksten ” tjuv!”. Ingen på senteret har i alle høve sett han kome innom sidan.
Lommeboksvanskar
Den neste triste hendinga ag gjerne vil fortelje om er då eg gløymde att lommeboka mi i ein pirattaxi i utkants-Slovakia ein sein laurdagskveld. Ja.. eg fekk vel i grunnen sagt alt eg trengte i den fyrste setninga. Lite meir å fortelje om den saka, utanom at lommeboka utruleg nok vart returnert få dagar seinare. Rett nok utan sytten tusen forint, men eg fekk i det minste attende coop-medlemskortet mitt.
Påske i Kroatia
I påska var eg i Kroatia med andre volontørar og ei høgst malplassert mor. Etter lengre tids planlegging kom vi fram til at det billigaste alternativet ville vere å leige ein minibuss. Kvifor ei av dei andre volontørane absolutt ville ha med seg mor si på opplevinga skjøna aldri vi andre, og etter kvart ikkje ho heller.
Vi vitja Zagreb, der vi samla parkeringsbøter, sosa rundt i gamlebyen, og sov på landets verste (men billigaste) ungdomsherberge, før vi reiste vidare til nasjonalparken Plitvicka Jezera som for tida var delvis oversvømd grunna kraftig snøsmelting.
Etter å ha blitt søkkvåte i fossedrivet, vassa oppover tidvis svært fuktige turiststiar og kika på drukna smådyr mellom dei første vårblomane, drog vil til ein by med eit så artig namn at eg nesten ikkje kan skrive det. Heldigvis seier eit bilete meir enn tusen ord, og det burde halde i massevis ettersom det eigentleg berre var eit namn eg ville uttrykkje. Byen var utruleg vakker, og takka vere namnet, som var å finne på nesten kvart eit skilt og gatehjørne, gjekk eg og min rumenske ven Alex rundt og kniste heile dagen. (Den rumenske tydinga er noko i same retning som den norske.) Dagen gjekk med til å spasere langs båthamna, myse på båtane, og kike på byen sitt eige amfiteater. Sistnemnde prøvde krevje oss for nærare ti euro i inngongspris. Vi vitja difor amfiteateret frå utsida.
Bading
Sjølv om det ikkje var nemneverdig varmt i lufta, var det Middelhavet vi i fleire dagar hadde kika på, og siste dagen, då vi innsåg at det umogleg kunne verte noko varmare, tok vi mot til oss. Eg hadde ærleg tala ikkje noko spesielt lyst, men då ein volontør frå sørkysten av Frankrike heiv seg uti før meg hadde eg ikkje lenger noko val. Vi nordmenn har eit rykte å ta vare på når det gjeld kalde temperaturar generelt, både i luft og i vatn, so eg gjorde mitt beste for å late som om det iskalde vatnet ikkje hadde nokon nemneverdig effekt på meg. Eg kan ikkje sei eg lukkast.
Siste samling
Mi siste volontørsamling fann stad i Pécs, og eg var som vanleg to til åtte timar forseinka. Eitt av høgdepunkta var dagen vi drog i samla flokk til Villány, eit av dei mest fasjonable vindistrikta i Ungarn. Innbyggjarane er nok vande med turistar, men då gjerne busslaster eldre tyskarar eller italienarar, ikkje ein gjeng ungdommar frå heile Europa som talar ein grufull, stotrande ungarsk med ein aksent som gjev dei hovudverk.
Elles nytta vi ein del tid på å vitje andre volontørar sine prosjekt, og vi skjøna fort at det kunne vere svært stor skilnad på to prosjekt i same by. Medan somme jobba fire timar dagleg i ein barnehage, der dei tok oppvasken og leika med borna, hadde andre volontørar prosjekt der dei jobba åtte timar dagleg på sjukehus eller eldresenter, med meir eller mindre alt det innebar.
Attende til Debrecen
Etter Pécs reiste eg attende til Debrecen, der ein overfolka bustad venta meg. Som eg tidlegare har nemnt er vi fem personar på to soverom, pluss bad og kjøkken. Det var før. Den siste månaden vakna nærare åtte hundre kakerlakkar frå vinterdvalen og fann ut at dei òg ville flytte inn. Dei bur rett nok meir på og i veggane, enn på golvet der vi bur og går, men dei stinkar, og ikkje ein av dei har fram til no betalt ein einaste forint i husleige.
——————————————————————————–
Takk for alt!
Dette var siste nyhetsbrev frå meg, ettersom prosjektet mitt enda fjortande april med ein stor kake- og brusfest på ungdomsklubben min. Siste månaden levde eg på sparepengar og andre volontørar sin godvilje, der eg flaksa frå sofa til sofa mellom forskjellige volontørbustadar rundt omkring i landet.
Alt i alt har eg hatt eit fantastisk år i Ungarn, og har ikkje angra eit sekund på at eg reiste ut som EVS-volontør. ( Eg skal innrømme at eg var i tvil om kva eg dreiv på med under innflyging til Ferihegy fyrste dagen, men kjensla slapp meg same stunda eg sette fot på ungarsk jord. )
Før eg reiste til Ungarn kunne mine kunnskapar om landet listast slik:
1. Ungarn ligg i aust-Europa ein stad.
2. Hovudstaden er ein by som heiter Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.
Eg kan no korrigere meg sjølv, og fortelje at:
1. Ungarn ligg i Sentral-Europa, i alle høve om du talar med ein ungarar. Aust-Europa er Romania, Ukraina, og andre land som høyrer heime i ein heilt anna kategori enn Magyarország.
2. Hovudstaden er to byar, Buda og Pest, der sistnemnde er hovudstad. Ein ungarar som reiser til Budapest seier han skal til Pest, ikkje Buda eller Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.
Om nokon lurer på noko meir, anten om evs, Ungarn eller kakerlakkar er det berre å sende meg ein straumpost på audunkj alfakrøll gemæijl dått komski.
Heilt til sist kan eg nemne at alt tyder på at eg er biten av volontør-basillen, for eg reiser vidare austover i august. Då skal eg jobbe som engelsklærar i Ningxia-provinsen i Kina, eitt år.
Takk for meg!
- Audun, ikkje lenger i austre Ungarn