Eksamensførebuing
I dag er det fredag. Eg har innlevering til måndag, og eksamen om få veker. Difor har eg baka rundstykke. Dei var gode.
Berre tenkte eg skulle nemne det.
I dag er det fredag. Eg har innlevering til måndag, og eksamen om få veker. Difor har eg baka rundstykke. Dei var gode.
Berre tenkte eg skulle nemne det.
Etter ei overraskande avslappande natt på tog kom vi fram til Lanzhou grytidleg torsdag morgon. Vi hadde i utgongspunktet ingen planar om å opphalde oss i byen over lengre tid, so vi kjøpte billettar vidare vestover med ein gong. Tanken på å reise heilt til Urumqi (1600 kilometer) utan stopp verka ikkje spesielt fristande på oss, so etter eit kjapt blikk på kartet peika vi på ein passande by, og avgjorde der og då at vi skulle ta ein togpause når vi kom fram dit. Valet fall på Zhangye, knapt 400 kilometer nordvest for Lanzhou.
Vi hadde nokre timar å slå ihel før toget gjekk, so etter ein frukost beståande av grove rundstykke med norsk kaviar (nam!) kasta vi oss inn i ei drosje for å sjå litt meir av byen, og moglegens ein smule White Hill Pagoda. Det tok oss ikkje monge sekund å oppfatte at lufttemperaturen nede ved elvebreidda var betrakteleg mykje kaldare enn han hadde vore på jarnbanestasjonen oppe i åssida. Vi tok nokre modige steg ut på brua som kryssa elva, men den iskalde osen frå Yangtze gjorde situasjonen nærast utåleleg, sjølv for oss hardbarka vestlendingar med kaviar i magen. Etter dei obligatoriske turistbileta og nokre slurkar varmande vodka var vi på veg attende til toget.
Av grunnar som er openbare for alle som har reist litt i Kina sleit vi litt med å finne toget vårt. For det fyrste fanst det to perrongar med det same talet, i tillegg var rutetida feil, toget forsinka, og mandarinen vår svært svært mangelfull.
Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker