Bombe mot Lenin St. Petersburg
Natt til andre april fann nokon det for godt å prøve sprenge Lenin-statua ved Finlandskij Jernbanestasjon i St. Petersburg. Den ti meter høge og over åtti år gamle statua vart sopass skadd i eksplosjonen at den står i fare for å kollapse fullstendig, og vert difor demontert i løpet av veka.
Det russiske kommunistpartiet gjekk umiddelbart ut og kalla handlinga politisk motivert vandalisme, og oppfordra samstundes byens borgarar til å beskytte andre kommunistmonument i St. Petersburg.
Reparasjonane vil truleg koste mellom seks og åtte millionar russiske rublar, rundt ein og ein halv million norske kroner.