Hard seat til Hangzhou (杭州 )
Detaljar vil foelge.
Akkurat no er det heile for naert til at eg ynskjer snakke om det. Treng litt tid til aa foerebygge.
Kort fortalt: heilt jaevlig
Detaljar vil foelge.
Akkurat no er det heile for naert til at eg ynskjer snakke om det. Treng litt tid til aa foerebygge.
Kort fortalt: heilt jaevlig
Dei 400 kilometra som såg ganske seige ut på kartet viste seg å vere enklare enn vi hadde trudd. Time etter time gjennom snødekte fjell- og ørkenlandskap, berre tidvis avbrote av skitne gruvebyar med svart snø og ingen avstigande passasjerar.
Då vi omsider kom fram til vår stopp viste det seg at Zhangye ikkje var stort anna enn ein større versjon av dei sørgmodige småbyane vi hadde skimta i horisonten på vegen dit. Slik verka det i alle høve dei fyrste få sekunda vi stod utanfor toget, og det gjekk opp for oss at vi var dei einaste som skulle av på dette stoppet. Situasjonen betra seg betrakteleg so snart den lokale konduktøren, ei rund og blid dame i ein skitten militæruniform, spurte oss kva i alle dagar vi gjorde her. Då vi på stotrande kinesisk klarte forklare ho at vi var turistar byrjar ho å le. “Kva har dykk tenkt sjå her i Zhangye?” spurde ho. “Tja..” svara vi.
Nokre minutt seinare står vi utanfor jarnbanestasjonen i Zhangye, og det byrjar so smått å gå opp for oss at vi faktisk ikkje anar kvar vi er eller kva vi skal gjere her. Vi hukar tak i ein taxi, og skjønar etterkvart at vi ikkje er i Zhangye enno, men at bebyggelsen rundt jarnbanestasjonen snarare er som ein forstad til sjølve byen. Å finne fram til det rette herberget går enkelt, og sjåføren er svært hyggjeleg og forståelsesfull for vårt elendige mandarinnivå. Det vesle eg fekk med meg gjekk for det aller meste ut på kor fantastisk det var at eg hadde gult hår på hovudet og raudt hør i andletet. So fantastisk var faktisk denne fargekombinasjonen at sjåføren berre måtte nappe meg litt i skjeggstubbane mine.
Eg fann fort ut at det rundt omkring i Kina er mange byar som skryt på seg å ha den største Buddhaen av eit eller anna slag. Zhangye var ikkje noko unntak – heromkring kunne dei skilte med verdas største liggande Buddha. Etter å ha sjekka litt fakta på nettet viste det seg kjapt at det med Zhangye, like mykje som med dei fleste andre byane, ikkje stemte spesielt godt. Rett nok hadde dei ein stor Buddha, men verdas største var det so absolutt ikkje. Ved tempelet sit det ei billettvakt som kjenner att lettlurte turistar når han ser dei, og krevde soleis ein usannsynleg høg billettpris. “Hah, her er det berre å prute i veg” tenkte eg med meg sjølv, og det gjorde vi jo òg. Som ved dei fleste andre turiststadar i Kina hadde denne grådige billettvakta tatt dette med i berekninga, og då vi hadde klart prute oss ned frå seksti kuai per person til femti for alle tre følte vi at vi hadde gjort ein god jobb. I ettertid viste det seg at billettprisen var tolv kuai per hovud i høgsesongen. Januar månad er på ikkje noko vis høgsesong for turisme i Zhangye, eller andre nordlege delar av Kina for den saks skuld. Vel inne i tempelet viser det seg at dei fleste utstillingsromma, inkludert det med den svære buddhaen i, er under oppussing, og ikkje er opne. Irriterte vender vi attende til billettkontoret, som praktisk nok no er tomt for folk.
Etter å ha blitt sopass grundig rundlurt følte vi at vi hadde gjort oss fortent til nokre øl, og vi byrja vandre gatelangs på jakt etter ein passande stad. Vi enda opp på Moon Bar, der dei ikkje spela stort anna enn vestleg nittitalspop blanda med ei og anna kinesisk kjærleiksballade. Øla var kalde og bartendaren veldig glad for å få turistar midt på vinteren. Vidare bør det nemnast at byen har ein av dei beste KTVane vi nokon sinne har sett, og at det lokale herberget ikkje set spesiell stor pris på snusflekkar på laken.
- VELDIG fin KTV
- VELDIG dyre laken
- Siste operative minibank paa nokre tusen kilometer
Etter ei overraskande avslappande natt på tog kom vi fram til Lanzhou grytidleg torsdag morgon. Vi hadde i utgongspunktet ingen planar om å opphalde oss i byen over lengre tid, so vi kjøpte billettar vidare vestover med ein gong. Tanken på å reise heilt til Urumqi (1600 kilometer) utan stopp verka ikkje spesielt fristande på oss, so etter eit kjapt blikk på kartet peika vi på ein passande by, og avgjorde der og då at vi skulle ta ein togpause når vi kom fram dit. Valet fall på Zhangye, knapt 400 kilometer nordvest for Lanzhou.
Vi hadde nokre timar å slå ihel før toget gjekk, so etter ein frukost beståande av grove rundstykke med norsk kaviar (nam!) kasta vi oss inn i ei drosje for å sjå litt meir av byen, og moglegens ein smule White Hill Pagoda. Det tok oss ikkje monge sekund å oppfatte at lufttemperaturen nede ved elvebreidda var betrakteleg mykje kaldare enn han hadde vore på jarnbanestasjonen oppe i åssida. Vi tok nokre modige steg ut på brua som kryssa elva, men den iskalde osen frå Yangtze gjorde situasjonen nærast utåleleg, sjølv for oss hardbarka vestlendingar med kaviar i magen. Etter dei obligatoriske turistbileta og nokre slurkar varmande vodka var vi på veg attende til toget.
Av grunnar som er openbare for alle som har reist litt i Kina sleit vi litt med å finne toget vårt. For det fyrste fanst det to perrongar med det same talet, i tillegg var rutetida feil, toget forsinka, og mandarinen vår svært svært mangelfull.
Powered by WordPress | Kredit | TheBuckmaker